Snart avgong for #KodeToget!
På perrongen før
30. mai 2026 – 5. juni 2026
7 etappar · 1 992 km · 50 innlegg
Statens Järnvägar · Vygruppen AS · Øresundståg
30. mai 2026 · 06:19 → 13:05 · Vygruppen AS · 478 km
Snart avgong for #KodeToget!
På perrongen før
Det er ein svær familie på tur her, og eg kjenner eg allereie er litt sliten av alt bråket. Kvifor valte eg ikkje stillevogna!
På perrongen før
Turistane mens fjorden rullar forbi vindauget i tjukk tåke.
"Oh wow, what a view we can't see."
Om bord
Uvanleg syn på Bergensbanen i dag. Vognar frå SJ Nord!
Om bord
Om bord
Nokon her inne som veit om smalspora ved Hokksund stasjon er i bruk?
Ei musemsbane eller liknande?
Gøy oppdaging frå vindauget på #KodeToget.
Om bord
På #KodeToget og speidar etter @gaski .
Om bord
Nett no vil eg båe seia at eg er omtrent ein halvtime unna Oslo S og at det er om lag ein halvtime til bussen går vidare.
Det blir knapt for #KodeToget.
Om bord
Det er noko ekstra gøy med å stoppe på Nationaltheatret med Bergensbanen.
Om bord
No går #KodeToget over på asfalten grunna sporarbeid mellom Noreg og Sverige. Heldigvis er setene på denne bussen meir komfortable enn toget eg nett kom frå.
Ei eldre svensk dame har ikkje haldt kjeft sida eg kom ombord i bussen. Når bussjåføren gjekk gjennom reglane for bussen, inkludert å prate roleg, så skrudde ho berre opp volumet for å overdøve høgtalaranlegget.
Nett komen fram
30. mai 2026 · 17:55 → 20:48 · Øresundståg · 298 km
Blei overraska over toget mot København i dag. Eg har billett til 1. klasse og i dag er det berre ei vogn med den klassa, det plar vera to.
Heldigvis står ikkje så mange i kø inn i den vogna på #KodeToget.
På perrongen før
Desse toga som Öresundståg og DSB køyrar har snedige snutar.
Når eg tok dette biletet hadde eg vore åleine på 1. klasse ei lita stund. Så klart kom det folk nett når eg skulle skryte av privat vogn!
Jaja, eg får tåle å dele med 2 andre på #KodeToget.
På perrongen før
Turen min går jo til København.
Så langt i dag har eg tatt ein buss til Malmø, men gjekk av i Gøteborg. No sitt eg på eit tog til København, men går av i Malmø.
Eg klarar ikkje å berre bli sittande ombord #KodeToget.
Om bord
Om bord
Har lese ut to bøker no i dag på #KodeToget. Bra eg tok med meg ei tredje bok eg ikkje har starta på ein gong.
Om bord
Kan nokon forklare meg psykologien bak at Bergen - Voss varte omtrent like lenge som Oslo - Båstad?
Eg blir enda ein gong overraska over kor godt eg taklar lange dagar på tog.
For ti minutt sida skulle eg gjere meg klar til å annonsere at turen min hadde bikka 12 timar. No er eg på 13 timar og 15 minutt.
#KodeToget er 5 stopp frå dagens endestasjon!
Om bord
31. mai 2026 · 08:05 → 08:44 · Øresundståg · 44 km
På København Lufthavn-stasjon. Kosar meg med å fundere over alle desse menneska som tilsynelatende valte å gå ned ei stoppa rulletrapp når ei vanleg trapp var rett på sida av.
Om bord
4. juni 2026 · 18:59 → 19:40 · Øresundståg · 44 km
No står eg på perrongen og ventar på #KodeToget mot Malmø. Eg klarte nesten å gløyme sekken i baggasjeskapet fordi eg har blitt så reisevant frå København hovedbanegård.
No skal eg ta Öresundståg :oeresund: fyrst til Malmø, som nemnt, før eg byttar over til SJ :sj: sitt hurtigtog til Gøteborg. Der blir eg verande til i morgon tidleg.
På perrongen før
Malmø neste!
Om bord
RE: https://skvip.lol/@markus/116664288135850888
På denne turen har eg byrja å ta selfiar med tog, så eg har gått tilbake og gjeve dei alle passande emneknaggar.
Om bord
No har eg gjort årets 6. #CrossBorderRail over Øresundsbrua.
Må innrømme at det verkar som litt vel mange når eg bur i Bergen.
Om bord
Har gleda meg til å prøve SJ :sj: sin lounge i Malmø. Det var visst berre tåpeleg då den stenger kl. 17 i kvardagane. 🤨
Nett komen fram
4. juni 2026 · 20:04 → 22:35 · Statens Järnvägar · 298 km
Ein #TogSelfie må til når #KodeToget blir til snøggtog!
No skal eg suse avgarde til Gøteborg.
Om bord
Desse snøggtoga til SJ mellom Malmø ot Gøteborg er såpass snøgge at eg ofte sitt og ventar på toget utanføre destinasjonen i nokre minutt fordi me må vente på perrong.
Om bord
Eg skal ikkje ta dette toget, men eg måtte jo ta ein #TogSelfie med sjølvaste Trainy McTrainface!
Nett komen fram
5. juni 2026 · 08:10 → 11:45 · Vygruppen AS · 346 km
To stykk #TogSelfie med same tog, båe eg og toget har fått ei god natt i Gøteborg og skal no med #KodeToget mot Oslo.
Om bord
Noko eg alltid gløymar er at Vy-toget :vy: mellom Gøteborg og Oslo heiter Vy Snabbtåg. Me køyrer jo oppi 200 km/t på strekka nære Gøteborg i nett same modell som regionstoga i Noreg.
Det fins nokre strekk i Noreg kor dei får køyre like fort, men som bergensbuande er det smått sjukt.
Om bord
Eg er tilbake i Noreg! 🇳🇴
https://rullen.no/@markus/kodetoget-til-kobenhavn/1dc6c91a-8884-480c-bf98-a159004f2d53
Om bord
Eg såg eit svensk Västtågen-tog i Halden! Nok ein rar tog-ting å skrive ned. Lurar på kva det gjorde der. Eg finn ingen rutar, men eg veit at Västtrafik og Vy har samarbeid om billettar melloø Gøteborg og Halden.
Om bord
5. juni 2026 · 12:03 → 19:08 · Vygruppen AS · 484 km
No tek eg kanskje Bergensbanen på meir uvanlege tidspunkt enn kvarmannsen, men dette er kanskje fyrste gong eg har fått beskjed om at toget er heilt fullbooka!
Kanskje ein gong før?
Det er visst populært å reise på formiddagar fredag.
Om bord
Eg gløymde diverre heilt å speide etter @gaski i Drammen i dag. Håpar ikkje ho stod der og venta på #KodeToget!
Om bord
Venligst nytt CW når du uoppfordra ber nokon nytte CW for greia deira.
Eg blir legitimt irritert av nokre folk her inne og kva dei meinar alle må nytte CW for.
Eg vurderte å lage denne utan CW, men kom fram til at det neppe var like morosamt.
Om bord
Eg forstår at 1. klasse på tog ofte er bakerst fordi det er lengst frå loket og difor har minst støy, men eg føretrekk verkeleg når 1. klasse på tog er fremst fordi då kjem ein lengst inn på perrongen når ein er framme.
(Og for å kunne sjå loket enklare, så klart)
Om bord
Har jobba i to og ein halv time på toget no med oppfølgjingspunkt frå konferansa. Det går veldig bra når ein sitt på Pluss-seter med stor og god pult.
Får lust å reise og jobbe oftare slik her.
Om bord
Med ankomst på Geilo er #KodeToget om lags halvvegs på Bergensbanen. Men om eg tek med når eg starta i Gøteborg er eg no 69% av vegen dit. Nice.
Om bord
Åneeei, forsvinner dekninga no når me nærmar oss Finse? Uff... Må eg leggje frå meg jobbmaskina og ta opp att "Dungeon Crawler Carl", seiar du? Nei og nei. Vel, om eg må så.
Om bord
Eg gløymde å leggje ut #TogSelfie frå i stad!
Her er eg og det flotte loket som så langt har dratt #KodeToget heile vegen til Ustaoset.
Om bord
Sidemannen gjekk av toget no på Haugastøl, eg krysserfingra for at setet blir verande tomt fram til Bergen 🤞
Om bord
Eg fekk ein ny følgjekamerat på Myrdal, kor eg forøvrig fekk ei usedvanleg god vy av Flåmbana. Den er det sjeldan eg ser der.
Med stopp på Voss no følar eg meg ganske heime, sjølv om det enda er nesten halvtime att av #KodeToget.
Om bord