Beloved
2026 · Erik Poppe · drama
Sett på kino
Nepobaby sæson 2
2026
Røpevarsel for "Vaim Hotell" av Jon Fosse
Eg las ut Vaim Hotell i går. Den aller siste sida endra jo heile utsynet mitt på boka. Eg såg det ikkje koma, og det er eg veldig nøgd med.
Burde eg eigentleg ha plukka opp på at Gjesten var sånn på utkikk etter den sjuande sansen sin??? Bruce Willis???
Vaim Hotell
Jon Fosse
2026 · 175 sider
Eg har aldri lese ei så viktig sisteside.
Jon Fosse skriv relativt nytt for seg sjølv å vera her. Det er ei annleis type bok enn hans vanlege. Vaim er ein gøy plass.
Det er mindre kopling til Vaim enn eg trudde det skulle vera.
Vaim Hotell
Jon Fosse
2026 · 175 sider
No skjer det!
No som eg endeleg er ferdig med denne boka ligg Jon Fosse for tur.
Mord på biblioteket
Gunn Helene Arsky
2025 · 399 sider
Dett blei dett for Engel & Luna-serien for min del. Det er for mykje skurr her. Ein amatørdetektiv som aldri lærer, for mykje oppheng i folks legningar, det blir for meget.
Skulle ynskje eg likte boka betre, men den gong ei. Smått nysgjerrig er eg på neste bok, men ikkje nok.
God morgon frå hyttas bibliotek. Ei roleg lesestund før me skal dra ut på eventyr.
Bøker lese i august 2026 - https://markus.plus/lesing/2026/august
Mord på biblioteket
Gunn Helene Arsky
2025 · 399 sider
Fekk denne til jol i fjor. Hadde planar om å lese ho til påske, men den var litt stor og hard til å ta med på den lange togturen på tvers av Europa. Då får det bli seinsumar-krim i staden, sånn at eg kan kome meg vidare til bok 3 og 4 dersom eg likar denne.
Datingdagboken
Victoria Larsen Stø
2026 · 367 sider
Denne hadde eg aldri høyrd om før eg såg ho satt opp som 10-dagers lån på biblioteket. Det som interesserte meg var det norske forfattarnamnet, elles hadde nok omslaget fått meg til å gå vidare.
Men Victoria Larsen Stø har skrevet ei godt dugeleg romantisk komedie! Dette minnar om Emily Henry berre på norsk, i Noreg, med ei verd som kjens litt nærare mi eiga som følgje. Den har så klart alle tropar og slikt ein kan tenkje seg, men det er no litt av poenget med sjangeren.
Eg kosa meg veldig med denne, og kjem til å halde eit auge etter Victoria Larsen Stø si neste bok.
Datingdagboken
Victoria Larsen Stø
2026 · 367 sider
Fant denne på biblioteket som 10-dagers når eg skulle plukke opp ei anna bok. Dette er den type bok som mange unge les berre engelsk av, så at det har kome ei slik bok PÅ norsk føler eg at eg må støtte litt.
Den fyrste sida verka òg heilt OK, så eg tippar dette blir gøy.
Je og'n Solan
Kjell Aukrust
2026 · 108 sider
Dette var koseleg lesing. Har før berre lese En liten og en små av Kjell Aukrust, og sett Flåklypa-filmane så klart. Denne boka handla eg på Huset Aukrust i Alvdal, så det var spesielt gøy å kjenne att plassar me har vore.
The Midnight Train
Matt Haig
2026
No som eg er ferdig med #DungeonCrawlerCarl innser eg plutseleg at laptoplomma på den mindre togsekken min faktisk er perfekt storleik for bøker av vanleg tjukknad.
Je og'n Solan
Kjell Aukrust
2026 · 108 sider
Handla på Huset Aukrust!
A Parade of Horribles
Matt Dinniman
2026 · 624 sider
Endeleg ajour med Dungeon Crawler Carl-serien.
Har klart å gå på bok-kafé i Hamar utan å ha med boka mi!
Her sitt det fullt av folk! Inkludert vara-ordføreren som er på kaffi før eit møte. Me har visst funnet den lokale juvelen.