To eg følgjer er tilstede på trikke-EM og ein tredje ser på.
Eg har kurert følgjelista mi bra.
Eg ser ikkje på, men ventar som tradisjonen tru på Tim Traveller sin oppsummeringsvideo.
To eg følgjer er tilstede på trikke-EM og ein tredje ser på.
Eg har kurert følgjelista mi bra.
Eg ser ikkje på, men ventar som tradisjonen tru på Tim Traveller sin oppsummeringsvideo.
Visar Danmark og Grønland no at Trump kan få nett det han vil om han berre gaular nok om det?
https://www.nrk.no/urix/trump-hevder-usa-har-inngatt-avtale-med-danmark-og-gronland-1.18029907
Æsj. Thor Haakon Bakke har starta i First House?
Vi er jævlig sæde fucks
Det er gøy at allereie i fyrste moglegheit så påstår Spekter at lokomotivførerne vil ha "tre gongar så stort lønnsoppgjør som det alle andre har fått", når dét det handlar om er at plutseleg har mange lokomotivførare i same firma vilt forskjellege lønningar.
Når eg snakkar om heimekontor, i dag har eg starta dagen på heimekontor fordi eg skal deale med forskjellege kundar og folk at det er enklare å berre fortelje til alle at eg er heime enn å dra mellom dei halve dagen.
På ettermiddagen i går fekk eg beskjed om at ein kollega ikkje hadde tilgong til eit dokument eg delte.
Når eg kom på jobb i morges så ser eg at dei prøve å logge inn med privat konto, og følgeleg ikkje fekk tilgong. 🤠
Veldig greitt at eg ikkje hadde gjort noko feil sjølv, iallfall.
Har skjedde noko fælt med LinkedIn-feeden min, for no har han altfor masse innlegg om fasist-"OS"-et Omarchy.
Heldigvis minnar det meg berre på at eg må få på plass ein plan for å bytte ut 1Password for heile familien utan at dei blir for irriterte.
Oioi, regjeringsskifte i Sverige.
Ser me er i fasen av kjendis-kansellering kor det går konkurranse i å ha aldri likt kjendisen, og eigentleg ikkje visste om dei ein gong.
Nok eit norsk program med tilfeldige KI-animasjonar som var heilt unaudsynte. Ikkje var dei gode heller. Kvart klipp hadde litt annleis design enn det førre. Det gav ingenting ekstra til programmet, berre tok i frå og distraherte.
Eg var innom denne butikken når eg var i Røros. Eg og ho kona måtte nesten innom sida det hadde stått så mykje om han.
Ho har jo faktisk solparaplyar som skuggar for sola.
Eg tykkjar teknisk sjef oppsumerar det greitt: "[Det er] i utgongspunktet ei nei-sak og krever disposisjon". Men dama oppførar seg som om ho har menneskerett på markiser i verdsarvbyen Røros.
"SJÅ ALT EG MÅ GJERE FOR Å BERRE FÅ NOKRE MARKISAR!!!"
Ja. Ro deg ned. Det er fordi dei ikkje vil du skal ha markisar. Du har valt å starte butikk midt i ei verdsarv. Folk kjem hit fordi Røros ser ut som Røros. Slapp av.
Butikken fins det ørten av i alle byar, ho selgjer ingenting spesielt heller. Så ho veit nok sjølv at ho ikkje berre kan trappe opp kor som helst med denne butikken og selgje pepsi-lepomade og termosflaskar som ser ut som dinosaurar.
Poppe røpte i går Jon Fosse sin favorittfilm, "Paris, Texas". Den var ein inspirasjon for båe Fosse og Poppe frå skriving og regi av "Kjærast".
Om Fosse er glad i ein film følar eg at eg burde sjå han, men må innrømme at han ikkje fristar noko veldig basert på Wikipedia si skildring.
Eg tenkjer enda på "Kjærast" av Poppe og Fosse. Eg lurar på korleis Poppe sitt landskap og skodespelarane sine val kjem til å farge framtidige lesingar av Fosse sine verk.
Kan forøvrig dele at landskapa i "Kjærast" ikkje er det eg ser for meg når eg les Fosse. Det overraska meg litt. Det er ikkje uakseptable landskap, liksom, men det er ein anna type vestlandsk natur enn det eg har i hovudet når eg les om bygdane til Aslene.
Eg har sett «Kjærast»! Du treng ikkje tvile på at den er skreven av Jon Fosse.
Har skrevet kort på tankehavet. Eg gjev de ei låg røpevarsel, ingenting stort, men tankane kan jo røpe så mangt.
Berre å vente på at @simonboba skal dele at filmen skal kome på bluray med norske filmklassikere.
Dog eg håpar verkeleg på 4K.
Hva om jeg aldri kommer langt nok vekk fra der jeg er?
Ein sånn skikkeleg ekkel haustdag kor svetten frå den for varme bussen blir blanda med regnvatnet som kom seg forbi paraplyen.
I dag skal eg ikkje lese Jon Fosse, eller ein gong sjå eit stykke av han på teater. Eg skal sjå film skrevet av han!
Eg satte på ein jobb på jobbmaskina mi i morges, for eg orkar ikkje vente på ho når eg er på kontoret.
Så no står eg er i gongen med maskina på benken og ventar på at det skal bli ferdig sånn at eg kan gå.
Ikkje fortel meg sjølv at eg har sørga for at prosessen kan avsluttast og gjenoppstartast utan problem.
Eg ser òg no at det pøsregnar utanføre. Samtidig så har eg faktisk eit morgonmøte på kontoret eg må rekke.
For noko stress.
RE: https://snabelen.no/@atlefren/117267826165294343
No har iallfall Fredrikstad gjort det generelt forbodt i grunnskulen.
https://www.nrk.no/ostfold/fredrikstad-kommune-med-hasteforbud-mot-ki-briller-1.18024622