Meg
NeoDBsågLes på NeoDB ↗

Forræder sæson 6

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Det er gøy at allereie i fyrste moglegheit så påstår Spekter at lokomotivførerne vil ha "tre gongar så stort lønnsoppgjør som det alle andre har fått", når dét det handlar om er at plutseleg har mange lokomotivførare i same firma vilt forskjellege lønningar.

#TogTut

#togtut

NeoDBsågLes på NeoDB ↗

Beloved

2026 · Erik Poppe · drama

Sett på kino

NeoDBsågLes på NeoDB ↗

Nepobaby sæson 2

2026

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Ny togdraum:
Tog frå Narvik til Sør-Sicilia.

Det skal faktisk gå an med berre 5 tog om ein timer det riktig, og ein får dratt frå veldig langt nord til ganske langt sør.

#TogTut

Det vanskelege her er jo så klart å planleggje ein ferie kor ein båe skal utforske Narvik og Sicilia utan at turen blir for stress.

Må kanskje få meg noko jobbgreiar i Narvik berre så eg kan reise dit på jobbtur, og så forsvinne sørover etterpå.

#togtut

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

RE: https://gruene.social/@jon/117260242273569426

Woo! Congratulations! What a train ride. All the way from Northern Finland to Southern Portugal!

#TogTut

#togtut

MastodonskreivLes på Mastodon ↗
Hovenskap

Av og til snakkar eg med folk som skal fly langt, og seier "oi, det er langt med 12 timar, ja". Samtidig som eg tenkjer over koss eg sat på tog i eitt døgn berre for å koma meg til ein konsert i Berlin ei helg.

#TogTut

#togtut

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

No kjem tog-lounge til Noreg!

SJ :sj: Nord blir dei fyrste i Noreg med tog-lounge. Det blir tilbod på Oslo S for reisande med SJ Nord til/frå Trondheim og med SJ til/frå Stockholm.

Eg har enda ikkje rukket å teste konseptet då opningstidane i Gøteborg og Malmø er litt smale, men eg er gira!

Eg vil gjerne ha ein betre venteplass på Oslo S. Kjem Vy :vy: på ballen snart?

https://www.tog24.no/sj-apner-norges-forste-tog-lounge-pa-oslo-s/

#TogTut

#togtut

Mastodonla ut eit bileteLes på Mastodon ↗

European Sleeper og RDC vil køyra nattog mellom Malmø og Brussel frå april 2028!

Snakk om ein snarveg til Vest-Europa.
Med nattog frå Bergen til Oslo når ein det komfortabelt, og rekk ein sein lunsj i London dagen etter det att.

https://www.treinreiziger.nl/vanaf-2028-nachttrein-van-brussel-via-nederland-en-kopenhagen-naar-malmo-samenwerking-european-sleeper-en-rdc/

Lagt til:
Dei tok ned pressemeldinga, men Jon Worth tok vare på han her: https://files.jonworth.eu/downloads/Treinreiziger-Brussel-Malmo.pdf

#TogTut

Og medan me er inne på det: Snälltåget testar Malmø - Trondheim tur/retur helga 5. og 6. september.

Det blir det fyrste gjennomgåande persontoget frå Sør-Sverige etter elektrifiseringa av Meråkerbanen.

Legg til Malmø - Brussel frå 2028, og Trondheim kan bli éin overgong unna Vest-Europa.

https://www.facebook.com/share/p/1BvjsgsMkQ

#TogTut

Nattog mellom Malmø og Brussel! No med pressemelding på engelsk, offisielt på vevsidane til European Sleeper.

Blir spanande sumar i 2028 med moglegheita for å sove seg til Benelux utan måtte bytte tog 2-3 gongar i mellom.

https://www.europeansleeper.eu/malmo

#TogTut

Vår faste rute til London med tog er via Brussel, så eg ser for meg at me kjem til å nytte oss av dette tilbodet relativt ofte om det kjem og det går an å stole på klokkeslett det kjem til Brussel.

#TogTut

#togtut

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Såg ein YouTube-video om korleis staten i Storbritannia tek over togselskapa.

Usikker på om eg blei overraska over at fleire av mine beste erfaringar med tog i Storbritannia var med selskap som var statsstyrte allereie når eg tok dei. ScotRail, LNER, Northern, og Transport for Wales.

https://youtu.be/RlC_EJtapIo?si=k_0WZOBf2RokK9cU

#TogTut

#togtut

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Då var sumaren siste togferie over for denne gong. Endar med å dra rett på jobb.

Neste togferie kjem i slutten av oktober! Då skal me på konsert i Gøteborg (https://gigowl.social/gig/01KZRH01929ZTNDF7M54YXRXND), samt prøve den nye togruta mellom København og Praha.

#TogTut

#togtut

Mastodonla ut eit bileteLes på Mastodon ↗

Veldig mørkt her med loket på Oslo S, men #TogSelfie må det bli!

No skal me sove oss over fjella før jobben ventar i morgon.

#TogTut

Ein selfie av ein breitt smilande mann med skjegg, mørkeblå hettejakke med lodden krage og vinraud t-skjorte, med skulderreimene på ryggsekken synlege, på ein overbygd perrong på Oslo Sentralstasjon (Oslo S) om kvelden. Til venstre står fronten på eit mørkegrått elektrisk lokomotiv av typen El 18 (SLM/Adtranz), som skal dra toget over Bergensbanen til Bergen. Lokomotivet har det karakteristiske, hellande frontpartiet og er merka med loknummeret «18 2254» i kvit skrift øvst over frontruta, og eit «2» ute på hjørnet. Frontlysa lyser skarpt, og i førarrommet skimtar ein instrumentpanel og eit gult og svart varselskilt. Bak lokomotivet står dei kvite og grå vognene med gul stripe langs sida, dekte av ein fotodekor med teksten «SE NORGE. TA TOGET». I bakgrunnen går den gule tryggleikslinja bortover perrongen mot folk, avgangstavler og eit anna togsett, under eit lågt betongtak der ei lampe blenkjer bak hovudet hans.

🚆 Tog: El 18 · Nr: 18 2254 · Stasjon: Oslo S · Bane: Bergensbanen · Selskap: Vy
Ein selfie av ein breitt smilande mann med skjegg, mørkeblå hettejakke med lodden krage og vinraud t-skjorte, med skulderreimene på ryggsekken synlege, på ein overbygd perrong på Oslo Sentralstasjon (Oslo S) om kvelden. Til venstre står fronten på eit mørkegrått elektrisk lokomotiv av typen El 18 (SLM/Adtranz), som skal dra toget over Bergensbanen til Bergen. Lokomotivet har det karakteristiske, hellande frontpartiet og er merka med loknummeret «18 2254» i kvit skrift øvst over frontruta, og eit «2» ute på hjørnet. Frontlysa lyser skarpt, og i førarrommet skimtar ein instrumentpanel og eit gult og svart varselskilt. Bak lokomotivet står dei kvite og grå vognene med gul stripe langs sida, dekte av ein fotodekor med teksten «SE NORGE. TA TOGET». I bakgrunnen går den gule tryggleikslinja bortover perrongen mot folk, avgangstavler og eit anna togsett, under eit lågt betongtak der ei lampe blenkjer bak hovudet hans. 🚆 Tog: El 18 · Nr: 18 2254 · Stasjon: Oslo S · Bane: Bergensbanen · Selskap: Vy

Her kan de sjå den store mangelen på ljos for biletet frå ho kona sitt perspektiv.

Ho har forøvrig fått seg hobby i å ta bilete av meg som tek bilete av tog.

#TogTut

Eit bilete teke bakfrå av ein mann med lilla langerma genser, mørkeblå shorts, kvite joggesko og ein olivengrøn ryggsekk, som står ytst på perrongen på Oslo Sentralstasjon (Oslo S) om kvelden og ser innover mot sporet. Til høgre fyller sida på eit elektrisk lokomotiv av typen El 18 (SLM/Adtranz) biletet, dekt av ein fotodekor med haustskog og fjell og teksten «SE NO…» i store, kvite bokstavar. Vy-logoen står i kvitt oppe på førarromssida, og nede ved rammeverket kan ein sjå UIC-nummeret «91 76 0118 254-1» og landsmerket «N-NOR». Til venstre heng eit gult perrongskilt med «50m» og «220m», og bak i mørket lyser vindauga i eit venterom. Den gule tryggleikslinja går langs den tomme perrongen i framgrunnen.

🚆 Tog: El 18 · Nr: 18 2254 · Stasjon: Oslo S · Bane: Bergensbanen · Selskap: Vy
Eit bilete teke bakfrå av ein mann med lilla langerma genser, mørkeblå shorts, kvite joggesko og ein olivengrøn ryggsekk, som står ytst på perrongen på Oslo Sentralstasjon (Oslo S) om kvelden og ser innover mot sporet. Til høgre fyller sida på eit elektrisk lokomotiv av typen El 18 (SLM/Adtranz) biletet, dekt av ein fotodekor med haustskog og fjell og teksten «SE NO…» i store, kvite bokstavar. Vy-logoen står i kvitt oppe på førarromssida, og nede ved rammeverket kan ein sjå UIC-nummeret «91 76 0118 254-1» og landsmerket «N-NOR». Til venstre heng eit gult perrongskilt med «50m» og «220m», og bak i mørket lyser vindauga i eit venterom. Den gule tryggleikslinja går langs den tomme perrongen i framgrunnen. 🚆 Tog: El 18 · Nr: 18 2254 · Stasjon: Oslo S · Bane: Bergensbanen · Selskap: Vy

På perrongen før Oslo S → Bergen · Vygruppen AS · 484 km · nattog · Røros 2026

#togselfie#togtut

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Med framtidige planlagte togturar kjem eg nokre hundre kilometer fort kort til å bikke 25k km med tog i 2026.

Burde eg aktivt prøve å nå 25k?

#TogTut

Dykk som stemmar på det tredje alternativet må jo fortelje meg kva det er???

Om bord Hamar → Oslo S · Vygruppen AS · 125 km · Røros 2026

#togtut

Mastodonla ut eit bileteLes på Mastodon ↗

Vekas andre #TogSelfie frå Hamar stasjon. No skal me stå heile vegen til Oslo S sida toget er stæppa fullt og me ikkje reserverte sitteplassar.

Nett som ekte austlendingar!

#TogTut

Ein selfie av ein breitt smilande mann med skjegg, vinraud t-skjorte og blå hettejakke på ein perrong på Hamar stasjon i solnedgangen. Til venstre står fronten på eit grønt og mørkegrått elektrisk Vy-tog av typen Stadler FLIRT (Vy litra BM74), merka med settnummeret «74148» under frontruta og Vy sin kvite logo på snuten. Destinasjonsskjermen over frontruta viser «RE10 Drammen», og toget går sørover om Oslo S. Frontlysa og dei oransje blinklysa lyser. I bakgrunnen heng skilta «SPOR 4» og «SPOR 3» under køyreleidningane, folk ventar bortover perrongen ved stasjonsbygget, og den låge sola står som ein oransje glød mellom toga under ein ljos, klår kveldshimmel.

🚆 Tog: Type 74 (FLIRT) · Litra: BM74 · Nr: 74148 · Stasjon: Hamar · Bane: RE10 · Selskap: Vy
Ein selfie av ein breitt smilande mann med skjegg, vinraud t-skjorte og blå hettejakke på ein perrong på Hamar stasjon i solnedgangen. Til venstre står fronten på eit grønt og mørkegrått elektrisk Vy-tog av typen Stadler FLIRT (Vy litra BM74), merka med settnummeret «74148» under frontruta og Vy sin kvite logo på snuten. Destinasjonsskjermen over frontruta viser «RE10 Drammen», og toget går sørover om Oslo S. Frontlysa og dei oransje blinklysa lyser. I bakgrunnen heng skilta «SPOR 4» og «SPOR 3» under køyreleidningane, folk ventar bortover perrongen ved stasjonsbygget, og den låge sola står som ein oransje glød mellom toga under ein ljos, klår kveldshimmel. 🚆 Tog: Type 74 (FLIRT) · Litra: BM74 · Nr: 74148 · Stasjon: Hamar · Bane: RE10 · Selskap: Vy

Om bord Hamar → Oslo S · Vygruppen AS · 125 km · Røros 2026

#togselfie#togtut

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Kva gjer Vy? Kvifor køyrar dei RE10, som normalt stoppar på Lillehammer, heilt til Dombås?

#TogTut

Vy :vy: køyrar visst eit tog tidleg morgon frå Dombås og eit kveldstog mot Dombås for å gje betre tilbod til pendlande i dalen.

https://www.vy.no/files/eyx1eny7/vyno-production/d75766e2a282fed050cc56407929276387cab94b.pdf?hl=en-GB

@TanteGulo

#TogTut

Nett komen fram Røros → Hamar · Statens Järnvägar · 272 km · Røros 2026

#togtut

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

I dag er det Atna folk har gått av for å røyke på. Spanande om dei blir med vidare.

#TogTut

Om bord Røros → Hamar · Statens Järnvägar · 272 km · Røros 2026

#togtut

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

I dag var det ingen som sprang etter toget på Tolga stasjon.

#TogTut

Om bord Røros → Hamar · Statens Järnvägar · 272 km · Røros 2026

#togtut

Mastodonla ut eit bileteLes på Mastodon ↗

#TogSelfie frå Røros stasjon. Her er toget som skal ta oss til Hamar.

Rart nok er dette eit usynleg tog for Røros, då det i dah ikkje stod hjå noko system at det skulle vera her. Til tross for at lokføreren venta her på stasjonen i lag med oss.

Aldri opplevd før i Noreg at toget berre ikkje står i systemet. Me var ein gjeng smått bekymra folk som merka oss at neste tog til Hamar skulle kome halv fem i natt.

#TogTut

Ein selfie av ein breitt smilande mann med skjegg, lilla hettejakke og vinraud t-skjorte, med ei ryggsekkreim over skuldra, på perrongen på Røros stasjon. Til venstre står fronten på eit mørkeblått bimodalt motorvognsett av typen Stadler FLIRT (SJ Nord litra BM76), merka med settnummeret «76508» under frontruta og SJ-logoen med det vinga hjulet midt på snuten. Frontlysa og dei oransje markeringslysa lyser, og settet står klart til å køyra R60 over Rørosbanen mot Hamar. På nabosporet bortanfor står eit søstersett merka «76510». Den gule tryggleikslinja følgjer den nesten tomme perrongen bakover forbi ei rekkje lyktestolpar, ein telemast og granskog, under ein blå himmel med store, kvite skyer.

🚆 Tog: Stadler FLIRT (Type 76) · Litra: BM76 · Nr: 76508 · Stasjon: Røros · Bane: Rørosbanen (R60) · Selskap: SJ Nord
Ein selfie av ein breitt smilande mann med skjegg, lilla hettejakke og vinraud t-skjorte, med ei ryggsekkreim over skuldra, på perrongen på Røros stasjon. Til venstre står fronten på eit mørkeblått bimodalt motorvognsett av typen Stadler FLIRT (SJ Nord litra BM76), merka med settnummeret «76508» under frontruta og SJ-logoen med det vinga hjulet midt på snuten. Frontlysa og dei oransje markeringslysa lyser, og settet står klart til å køyra R60 over Rørosbanen mot Hamar. På nabosporet bortanfor står eit søstersett merka «76510». Den gule tryggleikslinja følgjer den nesten tomme perrongen bakover forbi ei rekkje lyktestolpar, ein telemast og granskog, under ein blå himmel med store, kvite skyer. 🚆 Tog: Stadler FLIRT (Type 76) · Litra: BM76 · Nr: 76508 · Stasjon: Røros · Bane: Rørosbanen (R60) · Selskap: SJ Nord

På perrongen før Røros → Hamar · Statens Järnvägar · 272 km · Røros 2026

#togselfie#togtut

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

No som eg er ferdig med #DungeonCrawlerCarl innser eg plutseleg at laptoplomma på den mindre togsekken min faktisk er perfekt storleik for bøker av vanleg tjukknad.

#BokTut #TogTut

#dungeoncrawlercarl#boktut#togtut

Mastodonla ut eit bileteLes på Mastodon ↗

#TogSelfie med 76101! Toget skal faktisk heilt til Trondheim, men me skal no berre tilbake til Røros.

#TogTut

Ein selfie av ein breitt smilande mann med skjegg, raudrosa t-skjorte og lilla hettejakke med ljos fôrkant på perrongen på Alvdal stasjon. Til venstre står fronten på eit mørkeblått bimodalt motorvognsett av typen Stadler FLIRT (SJ Nord litra BM76), klart til avgang med R60 mot Trondheim. Over frontruta lyser destinasjonsskjermen med teksten «R60 Trondheim S» i oransje, settnummeret «76101» står i kvit skrift under ruta, og SJ-logoen med det vinga symbolet sit midt på frontpartiet. Frontlysa og dei gule markeringslysa lyser, og ei raud stripe følgjer vognsida bakover. I bakgrunnen til høgre ligg den raudmåla, gamle stasjonsbygningen med skiferttak, og til venstre reiser ein skogkledd ås seg mot ein blå kveldshimmel med kvite skyer.

🚆 Tog: Type 76 · Litra: BM76 · Nr: 76101 · Stasjon: Alvdal · Bane: Rørosbanen · Selskap: SJ Nord
Ein selfie av ein breitt smilande mann med skjegg, raudrosa t-skjorte og lilla hettejakke med ljos fôrkant på perrongen på Alvdal stasjon. Til venstre står fronten på eit mørkeblått bimodalt motorvognsett av typen Stadler FLIRT (SJ Nord litra BM76), klart til avgang med R60 mot Trondheim. Over frontruta lyser destinasjonsskjermen med teksten «R60 Trondheim S» i oransje, settnummeret «76101» står i kvit skrift under ruta, og SJ-logoen med det vinga symbolet sit midt på frontpartiet. Frontlysa og dei gule markeringslysa lyser, og ei raud stripe følgjer vognsida bakover. I bakgrunnen til høgre ligg den raudmåla, gamle stasjonsbygningen med skiferttak, og til venstre reiser ein skogkledd ås seg mot ein blå kveldshimmel med kvite skyer. 🚆 Tog: Type 76 · Litra: BM76 · Nr: 76101 · Stasjon: Alvdal · Bane: Rørosbanen · Selskap: SJ Nord

Ho kona fanga selfien frå ein anna vinkel her. Forøvrig sitt me på nøyaktig det same togsettet, i nøyaktig same vogn og seter, som me gjorde sørover.

#TogTut

Ein mann med skjegg og lilla hettejakke står på perrongen på Alvdal stasjon og tek togselfie med mobilen i den løfta handa, breitt smilande med blikket på skjermen. Bak han fyller sida og fronten på eit mørkeblått bimodalt motorvognsett av typen Stadler FLIRT (SJ Nord litra BM76) heile biletet. Settnummeret «7610» og litt til står i kvit skrift under frontruta, delvis skjult av armen hans, og SJ-logoen med det vinga symbolet sit under. Destinasjonsskjermen over ruta lyser oransje, men er ikkje lesbar frå denne vinkelen. Ei raud stripe går langs vognsida, der den raude stasjonsbygningen speglar seg. I bakgrunnen til venstre ligg raudmåla hus og ein skogkledd ås under ein blå himmel med kvite skyer.

🚆 Tog: Type 76 · Litra: BM76 · Nr: 76101 · Stasjon: Alvdal · Bane: Rørosbanen · Selskap: SJ Nord
Ein mann med skjegg og lilla hettejakke står på perrongen på Alvdal stasjon og tek togselfie med mobilen i den løfta handa, breitt smilande med blikket på skjermen. Bak han fyller sida og fronten på eit mørkeblått bimodalt motorvognsett av typen Stadler FLIRT (SJ Nord litra BM76) heile biletet. Settnummeret «7610» og litt til står i kvit skrift under frontruta, delvis skjult av armen hans, og SJ-logoen med det vinga symbolet sit under. Destinasjonsskjermen over ruta lyser oransje, men er ikkje lesbar frå denne vinkelen. Ei raud stripe går langs vognsida, der den raude stasjonsbygningen speglar seg. I bakgrunnen til venstre ligg raudmåla hus og ein skogkledd ås under ein blå himmel med kvite skyer. 🚆 Tog: Type 76 · Litra: BM76 · Nr: 76101 · Stasjon: Alvdal · Bane: Rørosbanen · Selskap: SJ Nord

Om bord Alvdal → Røros · Statens Järnvägar · 75 km · Røros 2026

#togselfie#togtut