På mitt fyrste nattog åleine på over eitt år. Håpar eg får til å sove greitt gjennom natta og blir opplagt til konsert i morgon kveld.
#TogTut (@ F4 ➜ Oslo S) #NowTräwelling #Togferie https://traewelling.de/status/5828404
På perrongen før
5. september 2025 – 14. september 2025
14 etappar · 2 574 km · 23 innlegg
Danske Statsbaner · Skånetrafiken · Snälltåget AB · Vygruppen AS · Øresundståg
5. september 2025 · 23:00 → 06:07 · Vygruppen AS · 478 km · nattog
På mitt fyrste nattog åleine på over eitt år. Håpar eg får til å sove greitt gjennom natta og blir opplagt til konsert i morgon kveld.
#TogTut (@ F4 ➜ Oslo S) #NowTräwelling #Togferie https://traewelling.de/status/5828404
På perrongen før
Altså, i dag går neste tog til Gøteborg frå same spor Bergensbanen trilla inn på. Kjære Vy, kople over ei av kupévognane sånn at ein kan koma heilt dit (og Malmø på sikt)!
Nett komen fram
6. september 2025 · 08:14 → 11:45 · Vygruppen AS · 345 km
Gøy å høyre konduktøren stå og reklamere for at toget skal gå heilt til Malmø neste år. Enda gøyare å høyre mine medpassasjerar vera veldig nøgde med det!
«Då ser du oss att neste år òg!»
Om bord
Eit vaksenteikn eg har lagt meir og meir merke til den siste tida er at ofte når eg ser ein lærar (på ekte eller på film) så er dei yngre enn meg.
Dei der sjukt gamle folka er liksom yngre enn meg no?
Om bord
6. september 2025 · 12:40 → 15:48 · Øresundståg · 299 km
Ingenting lagt ut på denne etappa.
6. september 2025 · 19:45 → 20:17 · Øresundståg · 35 km
Ingenting lagt ut på denne etappa.
6. september 2025 · 23:21 → 23:54 · Øresundståg · 36 km
Dagen min i dag:
• Vakna utanføre Hønefoss på eit tog
• Satt litt på Oslo S
• Tok tog til Gøteborg
• Satt litt på Gøteborg C
• Tok tog til Malmø
• Åt middag og satt litt på hotellet
• Tok tog til Danmark
• Konsert i København
• Tok tog til Malmø
Skal bli godt å leggje seg, ja.
Om bord
Fun fact:
Grensekontrollen i Sverige tykkjar førerkortappen er gyldig ID.
Om bord
7. september 2025 · 14:29 → 15:06 · Snälltåget AB · 42 km
Ingenting lagt ut på denne etappa.
12. september 2025 · 19:29 → 19:31 · Danske Statsbaner · 1 km
Det er litt rart å ha vore i Sverige/Danmark ei veke, men fyrst no gå rundt på ferie. Har haldt meg på konferanseområdet og hotellet.
På perrongen før
12. september 2025 · 20:14 → 20:55 · Øresundståg · 43 km
Utsjekka frå København, no skal me overnatte i Malmø til sundag.
Öresundståget over sjøen har nesten blitt pendlertoget mitt!
I dag fekk eg forøvrig prøvd Københavns S-tog for fyrste gong. Det var veldig lettvint, og togsettet var overraskande svært!
Om bord
«Gutta» seiar no at dei har blitt inspirert av Charlie Kirk i deira innhald, ikkje veldig overraskande. Snorre er sur på at mediar skildrar Kirk sine politiske meiningar etter at Kirk blei offer for politisk vald.
Her er nokre klokare ord:
«Charlie Kirk skammet seg ikke over det han sto for. Hvorfor gjør nordmenn det? Det er ingen grunn til å importere amerikansk splittelse til Norge»
Om bord
13. september 2025 · 10:50 → 11:36 · Skånetrafiken · 44 km
Dette bokbrevet hjå NRK gav ein fin innsikt inn i arbeidet som går i å omsetje Jon Fosse.
https://www.nrk.no/bokbrevet/bokbrevet-_55-a-oversette-jon-fosse-kan-vaere-et-mareritt-1.17547345
På perrongen før
Kontoen min seiar at eg er glad i lesing og i tog. No tek eg tog for å handle signert eksemplar av ei bok. Dette er toppen for kontoen min!
Det er forøvrig signert eksemplar av Solvej Balles «Om udregning af rumfang VI» eg skal få tak i!
Tre bøker fekk eg med meg! Skal levere til personar i båe Bergen og Stavanger.
Om bord
13. september 2025 · 17:53 → 18:40 · Øresundståg · 45 km
Som innbyggjar av Bergen er eg kraftig sjalu på København og alle deira metrobanar, S-tog, og vanlege tog.
Det er så sjukt lett å kome seg rundt omkring, sjølv til utlandet (fleire utland!).
I Bergen kan eg ta bybanen (men ikkje til Laksevåg eller Åsane), eller tog til Arna.
Om bord
14. september 2025 · 11:20 → 11:57 · Øresundståg · 42 km
Ingenting lagt ut på denne etappa.
14. september 2025 · 13:30 → 17:20 · Øresundståg · 342 km
@eivind Har vore på verksted og konferanse, pluss fri i dei omringane helgane.
Om bord
I dag har eg og ho kona vore gifte i eit kvartal, noko me håpar aksjonærane er nøgde med.
Om bord
finished reading
Om bord
started reading
Om bord
14. september 2025 · 18:13 → 21:44 · Vygruppen AS · 344 km
Toalettet på Gøteborg sentralstasjon er kanskje halve prisen av toalettet til Oslo S, men det er til gjengjeld dobbelt så ekkelt.
På perrongen før
14. september 2025 · 23:03 → 06:27 · Vygruppen AS · 478 km · nattog
finished reading
Om bord