Me er på #PåskeEkspressen !
I dag får eg faktisk sitte på ordentleg vognsett på strekket, ikkje noko regionaltog.
På perrongen før
28. mars 2026 – 8. april 2026
26 etappar · 6 153 km · 89 innlegg
DB Fernverkehr · Danske Statsbaner · Eurostar · Société Nationale des Chemins de fer Français · Statens Järnvägar · Vygruppen AS · Øresundståg
28. mars 2026 · 08:08 → 15:14 · Vygruppen AS · 478 km
Me er på #PåskeEkspressen !
I dag får eg faktisk sitte på ordentleg vognsett på strekket, ikkje noko regionaltog.
På perrongen før
@supercamilla.bsky.social@bsky.brid.gy Eg har alltid tipt på at dette er titlar som deltakarane bestemmar sjølv. Det er jo av og til andre ting enn det dei er kjente for, til og med.
Om bord
Det er fantastisk skarpt på vidda i dag! Sterk sol og berre snø så langt auga ser.
Og her har eg gløymd solbrillane mine (igjen!!)
Eg gløymde solbrillane mine, men det har eigentleg gått fint. Eg har ikkje kjøpt nye grunna manglande sol.
No sitt eg så klart på buss-for-tog med trynet fullt av sol.
#PåskeEkspressen bjudar på.
Om bord
Må innrømme at eg er jysla stolt av at eg har fått til @markus@rullen.no i nokolunde dugande testform nett til togturen.
Den manglar ein del på si eiga side, men at ho har tilnærma full støtte for ActicityPub er veldig gøy.
Alt lagra i Finland via ein europeisk skyleverandør!
Gøy å for ein gong skuld ha laga eit produkt eg ynskjer sjølv, så eg får testa det tungt av eiga bruk.
Eg kan ikkje fikse opp i tinga mens eg er på reise, men eg kan skrive ned fullt av feilmeldingar for framtids-Markus etter påska.
Blir meir og meir nøgd. Det er MASSE å ta av, eg har notert mange feil og nye funksjonar. Men at det faktisk fungerar sånn nokon lunde? Og det er ei app eg sjølv har ynskja meg?
Om bord
Noverande etappe på #PåskeEkspressen er den lengste eg og ho kona har foretatt oss. Me satte oss på Bergensbana kl. 08 i morges, og etter byttar i Oslo, Gøteborg, Hamburg, Køln, og Brussel så skal me vera framme i Val d'Europe (Disneyland) i morgon mellom 18.30 og 20.30.
30 timar på tog (ikkje rekna med pause) og 2 917 kilometer med skjener.
(stort spenn i ankomstid på endestasjonen fordi nattoget til Hamburg ofte er forsinka, og me difor kanskje må ta eit tog 2t seinare)
Om bord
28. mars 2026 · 16:15 → 19:45 · Vygruppen AS · 344 km
Høyrd på det populære toget fem minutt for avgong:
"Åhr! Nei, det verkar jo som om alle liksom berre har satt seg ein og ein!"
Noterar meg at denne finkledde dama med austlandsdialekt meinar at det mest naturlege er å sette seg på sida av ein framand når det er heilt ledige seter andre plassar i toget.
#PåskeEkspressen går vidare til Gøteborg!
På perrongen før
Gløymde forøvrig å oppdatere at toget i dag unngjekk Drammen, så #PåskeEkspressen var der ikkje eit sekund.
Om bord
Overraskande mange britiske turistar på #PåskeEkspressen mellom Bergen og Gøteborg.
Om bord
Då har #PåskeEkspressen forlatt Noreg for denne måneden. Eller, me har forlatt siste norske togstasjon!
https://rullen.no/@markus/paskeekspressen/48a4cdea-89e7-4840-8170-4d7e9571f0fe
Om bord
Å fytti grisen! Vy-sjokoladen :vy: er vegansk no!
#PåskeEkspressen leverar!
Om bord
28. mars 2026 · 22:09 → 08:13 · Statens Järnvägar · 840 km · nattog
Har vakna på Padborg, grensestasjonen frå Danmark inn i Tyskland, og ser at me av alle ting er tidleg ute!
Det er bra teikn for at me kjem til Hamburg som planlagt, og kan koma oss avgarde på fyrste tog vidare.
Om bord
Guten Morgen aus Hamburg! Litt over ei veke sida eg var her sist. I dag har #PåskeEkspressen berre ei kort pause før det går vidare mot Køln.
Nett komen fram
29. mars 2026 · 08:42 → 12:48 · DB Fernverkehr · 462 km
Dag to av #PåskeEkspressen! Minnar på at du kan lese litt tekstleg om turen undervegs på tankehavet mitt.
I tillegg er det flust av videoar frå turen på @markus@rullen.no .
Om bord
Eg vil gjerne dele med #PåskeEkspressen at dei vanlege setene på ICE 107 var mykje betre å sove i enn setene på nattoget EuroNight 13471.
Med venleg helsing,
Halvsovande i Dortmund
Om bord
Humrar inni meg kvar gong eg ser ein tysk annonse for ein jobb.
Eg kan nok tysk til å vite at "wir suchen dich" tydar "me søker deg", men eg kan meir engelsk.
Dette er eit utsyn frå #PåskeEkspressen .
Om bord
Ut vindauget på #PåskeEkspressen såg eg plutseleg... Eit tog som hang opp-ned?
Visar seg at det var Sky-train på Düsseldorf flyplass. Stilig konsept.
Om bord
29. mars 2026 · 13:42 → 15:35 · DB Fernverkehr · 224 km
#PåskeEkspressen er på veg inn i sitt femte land! Me sitt på siste stasjon i Tyskland, Aachen hbf, før me skal inn i Belgia.
Brussel er neste stopp, men me skal no innom eitt land til før me er nøgde med fyrste etappe.
Om bord
29. mars 2026 · 16:43 → 18:13 · Eurostar · 313 km
Kø og sånt for å koma ombord i #PåskeEkspressen er ikkje så gøy, men eg likar å få billetten sjekka allereie ved ombordstiging. Då slepp eg tenkje over å finne han fram på eit seinare vilkårleg tidspunkt.
Om bord
Nå rulla #PåskeEkspressen inn i etappas sjette land, Frankrike! Dette er etappas siste land då når me går av i Paris om ein time så skal me ikkje vidare (anna enn med lokaltog).
https://rullen.no/@markus/paskeekspressen/c4c8ae18-db1e-40d1-bd6d-acf7572b18af
Om bord
29. mars 2026 · 20:06 → 20:41 · Société Nationale des Chemins de fer Français · 30 km
36 timar tek det altså med tog, ganske direkte, frå Bergen til Disneyland.
Kjappare kan det nok gå, men det er ein grei peikepinn. No skal #PåskeEkspressen bytte ut langdistansejarnbane med berg-og-dal-bane i nokre dagar.
Om bord
Å ta av skoa etter 36 timar 😭
Badekar i leiglegheita 😭😭😭
Nett komen fram
30. mars 2026 · 09:19 → 09:22 · Société Nationale des Chemins de fer Français · 2 km
Ingenting lagt ut på denne etappa.
30. mars 2026 · 17:06 → 17:08 · Société Nationale des Chemins de fer Français · 2 km
Ingenting lagt ut på denne etappa.
30. mars 2026 · 19:44 → 19:47 · Société Nationale des Chemins de fer Français · 2 km
Ingenting lagt ut på denne etappa.
30. mars 2026 · 23:00 → 23:01 · 2 km
Ingenting lagt ut på denne etappa.
31. mars 2026 · 10:34 → 10:37 · Société Nationale des Chemins de fer Français · 2 km
@eivind @fivrelden Kva har Weir gjort no??
Nett komen fram
@eivind @torstein @fivrelden Bøkene hans om samarbeid, smarthet, og det å sette andres behov framføre sine eigne? Han meinar dei ikkje har politikk i seg?
@eivind @torstein @fivrelden Project Hail Mary har jo ein hovudfigur som gjev opp sitt eiga liv for å redde eit individ av ein heilt anna art!
Han kunne dratt heim trygt, men valte å redde eit romvesen og dets heile art og planet.
Nett komen fram
1. april 2026 · 10:21 → 11:35 · Société Nationale des Chemins de fer Français · 227 km
Ingenting lagt ut på denne etappa.
1. april 2026 · 13:35 → 14:57 · Eurostar · 266 km
Me er i England! To solide tips for å finne ut om du har kome til England med toget:
1. Du kjem ut av tunnelen i dagsljos
2. Alt du er vant til av hastighet frå telenettet er borte
#PåskeEkspressen har dratt tilbake i tid, og nytar livet som før me stilte klokka til sumartid.
Nett komen fram
4. april 2026 · 18:04 → 20:05 · Eurostar · 373 km
No finn me #PåskeEkspressen susande langs dei franske engar i retning Brussel. Klokka blei plutseleg to timar seinare enn ho var for ein time sida.
Om bord
Gjennom vindauget til #PåskeEkspressen kan eg sjå skilt for Lille Europe, stasjonen me kom frå på onsdag.
Om litt over ein halvtime skal me vera i Brussel.
Om bord
4. april 2026 · 20:25 → 22:15 · DB Fernverkehr · 224 km
Det gjekk leikande lett å koma seg til neste strekk av #PåskeEkspressen på Brussel Midi. Ikkje langt å løpe rundt til riktig spor.
Vidare til Køln!
Om bord
Om bord
Denne handla eg på Europas største bokhandel tidlegare i dag. Visstnok.
Om bord
5. april 2026 · 06:11 → 10:15 · DB Fernverkehr · 463 km
No har eg sett så masse positivt om filmen "Project Hail Mary", frå båe boklesere og andre, at eg byrjar å lure på om eg berre hadde ein dårleg innstilling når eg såg han?
På perrongen før
Hugsar de når de alle klaga over at me stilte klokka og slikt og måtte stå opp tidlegare og sånn?
Det fekk eg oppleve på nytt no med å stå opp kl5 dagen etter eg reiste fram ei tidssone. 🥱
#PåskeEkspressen skal snart avgarde mot Hamburg. Ruta frå no av er til forveksling lik #MaisieToget, bortsett frå med start i Køln i staden for Berlin.
På perrongen før
Tenk å vera professor ved eit norsk universitet og uironisk meine at det ikkje berre er uproblematisk at ein mangemilliardær søkar om statsstøtte til grasklipper, men at milliardæren òg burde få søknaden innvilga fordi dei har sprøyta nok tilbake via formueskatt.
https://e24.no/naeringsliv/i/8ppLLA/milliardaer-soeker-statlig-stoette-til-gressklipper-kjoep
Om bord
#PåskeEkspressen nærmar seg Hamburg, faktisk framføre tida!
Her skal me ha om lag ein time før... Turen går vidare med buss. 😔
Buss-for-tog heilt til Odense i Danmark. Spant på om det blir noko passkontroll på bussen.
Det blei passkontroll, ja! Væpna politi med hjelp frå forsvaret. Dei tok bilete av passet mitt???
Grensekontrollar undervegs på #PåskeEkspressen:
1. I Frankrike til England
2. I England til Belgia
3. I Danmark frå Tyskland
Blei og advart om mogleg kontroll i Tyskland frå Belgia, og så er det enda moglegheit i Sverige frå Danmark.
England er ikkje Schengen, alle dei andre er.
Om bord
5. april 2026 · 10:20 → 14:20 · Danske Statsbaner · 344 km
Nå går #PåskeEkspressen over til asfalt. Buss frå Hamburg til Odense.
Ei positiv overrasking at me faktisk nådde, og fekk bli med, bussen som gjekk berre fem minutt etter toget vårt ankom Hamburg.
Så sjølv om me nå skal vera 4 timar på buss så har me fått oss ein time i København for middag.
Om bord
5. april 2026 · 14:29 → 16:10 · Danske Statsbaner · 160 km
Alle tog til Gøteborg er innstilte grunna Dave! Uh oh. #PåskeEkspressen må ta tidleg pause for dagen (enda nokre timar til) og håpe på at det ser betre ut i morgon.
Om bord
Planlagt rute:
Sundag
• København - Malmø
• Malmø - Gøteborg
Måndag
• Gøteborg - Oslo
• Oslo - Bergen
Ny rute, etter Dave:
Sundag
• København - Alvesta
Måndag (????)
• Alvesta - Gøteborg (?)
• Gøteborg - Oslo (?)
• Oslo - Bergen (🤞)
#PåskeEkspressen satsar på å vera framme i Bergen til planlagt tid, tysdag morgon.
Om bord
5. april 2026 · 18:14 → 20:37 · Øresundståg · 225 km
#PåskeEkspressen har ankome dagens endestasjon i Alvesta. Ein koseleg småby kor me fekk koden til hotellets frontdør, og nøkkelkortet låg i ein safe.
Om bord
Me fant eit gatekjøkken i Alvesta med stor vegansk meny. Tilliten svann litt når kokken måtte rundt framføre disken for å sjå kva som skulle på pizzaen eg bestilte.
Om bord
6. april 2026 · 14:23 → 16:03 · Øresundståg · 181 km
blev færdig med at se The Drama
På perrongen før
Lokføreren på toget mot København er skikkeleg flink til å halde moralen oppe på dette absolutt stappfulle toget. Vurderar å sende inn beskjed til Öresundståg om det.
Då fekk me prøve ståtog på #PåskeEkspressen òg.
Oppdatering frå helvetestoget, eg meinar #PåskeEkspressen :
Dei fekk kopla på eit nytt togsett for å få meir plass til oss passasjerar. Det var likevel så mange med at me enda står.
Før neste stopp sakna me ned pga togrt framføre oss. Det visar seg at politiet må involvere seg ombord i det toget, så me må vente til dei ordnar opp.
Om bord
7. april 2026 · 07:01 → 09:35 · Statens Järnvägar · 298 km
Står på ein Espresso House på Malmø S og ventar på ein mjølkekaffi.
Ti minutt til #PåskeEkspressen mot Gøteborg!
På perrongen før
#PåskeEkspressen har forlatt Malmø S med retning Gøteborg! Til og med på den normale ruta som ikkje har omveg via Alvesta.
Nok ein gong kjenner eg på kor deileg det er med SJ sine X 2000-tog.
Toget vårt har plutseleg eit ekstra stopp, og notatet der er "ulukke"... Oisann. Det vil ingen enda ta det her.
Det blir forøvrig buss-for-tog til Halden dersom me når det.
#PåskeEkspressen suste forbi det ekstra stoppet, så det må ha løst seg.
Om bord
Tankar mens eg sitt på eit snabbtåg mellom Malmø og Gøteborg:
Tenk om Bergensbanen var byggja bra og moderne. Tenk om det var mogleg med fleire tog samtidig utan trafikkø. Tenk om ein kunne sette opp ein Bergensekspress med færre stopp (typ Bergen, Voss, Finse, Geilo, Drammen, Oslo) som dermed kunne koma fram tidlegare.
Tenk om.
(Dette er ikkje ein gong ein tut om lyntog på Bergensbanen, berre om fleire dobbeltspor som kan la toga køyre forbi kvarandre utan lengre stopp.)
Om bord
Malmø S i soloppgong.
SJ snabbtåg mot Gøteborg til venstre, Snälltåget (mot Stockholm eller Hamburg) til høgre.
Sekken bakpå ryggen min er i hovudsak full av bøker.
Om bord
7. april 2026 · 10:14 → 12:09 · Vygruppen AS · 212 km
Ei oppside med buss-for-tog er at me slepper alle mellomstoppa. Me kan velgje bussen som går direkte til Halden. #PåskeEkspressen er tilbake på asfalten.
Me har fått oss seter fremst på ein dobbeltdekker. No skal me ha utsikt over E6. #PåskeEkspressen køyrar så klart E6, den strakaste vei'n.
På perrongen før
#PåskeEkspressen er i Noreg!
https://rullen.no/@markus/paskeekspressen/7740ace5-bea5-4bfd-8d49-f9d94e8de501
Nett komen fram
7. april 2026 · 13:03 → 14:40 · Vygruppen AS · 134 km
Me har kome oss til togstasjonen på Halden, og då oppdaga eg at bussen er så treig at no når me ikkje lengre den Bergensbana me har billett til 🙃
Heldigvis var det enda ledig på avgongen seinare, så me slepper nattog, men #PåskeEkspressen kjem då fram til Bergen heile 17 timar seinare enn planlagt utan Dave.
https://rullen.no/@markus/paskeekspressen/576b6b80-7725-4895-87bf-0bdf32bd3f36
På perrongen før
Ting som har gått feil på #PåskeEkspressen grunna Dave:
1. Originalt tog frå Malmø til Gøteborg blei innstilt, dro dermed til Alvesta
2. Tog frå Alvesta til Gøteborg blei innstilt, dro dermed tilbake til Malmø
3. Buss-for-tog mellom Gøteborg og Halden fordi straumen var gått på linjane
4. Buss-for-tog var så treigt at me må ta Bergensbanen 2 timar seinare enn planlagt
Alt i alt 17 timar seinare framme i Bergen enn originalt planlagt.
5. Fordi buss-for-tog mellom Gøteborg og Halden var så treigt mista me siste tog som faktisk gjekk heile vegen til Bergen...
Om bord
7. april 2026 · 16:23 → 17:59 · Vygruppen AS · 112 km
Har ikkje forlatt Oslo S ein gong i dag, likevel sett to skodespelare eg kjenner att frå fjernsyn. Det er for lenge sida eg har sett Leo eller Linda på gata i Bergen.
På perrongen før
No er me endeleg på Bergensbanen mot Bergen! Siste strekk av påskeferien, berre 17 timar på overtid.
#PåskeEkspressen skal få nokre flotte vyar over vidda.
Om bord
Unnskuld meg, det brenner på Bergensbanen??? Ikkje toget eg er på, men eg er snart i det området!
https://www.nrk.no/buskerud/brann-pa-tog-fra-bergen-til-oslo-1.17837548
Eg ser #PåskeEkspressen er ein time unna. Håpar me kan ta buss-for-tog berre eit par stasjonar, og ikkje må enten tilbake til Oslo eller ta buss heile vegen til Bergen frå Flå.
#PåskeEkspressen skal tilbake til asfalten... Frå Hønefoss til Bergen...
Dei presisterte! Me må berre ta buss til Ål, så får me tog vidare. #PåskeEkspressen får bli avslutta langs skjenene ❤️
Om bord
8. april 2026 · 00:03 → 04:02 · Vygruppen AS · 233 km
Ingenting lagt ut på denne etappa.