Eg måtte ikkje vente lenge på Malmø S før nattoget kom rullande inn på perrongen. Det er godt over halvtimen til #MaisieToget går vidare, så eg håpar på å klare å sovne på den tida.
#TogTut
På perrongen før
#maisietoget#togtut
Vakna i Hamburg på eit forseinka tog. Det går forøvrig heilt fint for meg i dag då Berlin er endestoppet, og eg uansett har tid å slå i hjel.
Jobbar no frå toppen av vasken på sovekupeen mens eg ser tyske enger og hus rulle utanføre vindauget.
Nett denne type arbeidsdag må eg seia er fin.
#MaisieToget #TogTut
Om bord
#maisietoget#togtut
Nærmar meg ein halv arbeidsdag mens toget har tatt omvegen via Hannover til Berlin.
Likevel skal eg ikkje vera meir enn 20 minutt forseinka no! Ned frå dei 50 minutta som stod når eg ankom Hamburg.
#MaisieToget køyrar på!
#TogTut
Om bord
#maisietoget#togtut
Konduktøren prata i veg i lange tidar før nattoget ankom Hamburg i morges, men me har enda ikkje høyrd eit pip om forsinkinga inn mot Berlin. Det er 10 minutt til me eigentleg skulle vore framme, og her står me på feil spor og feil stasjon.
Eg er glad det går an å søke opp ting.
#MaisieToget #TogTut
Følgjar dei meg på #MaisieToget ? No kom det fullt av meldingar om Berlin.
Inkludert at eg måtte passe på å ta med meg tinga sida toget skulle tilbake til Stockholm (som eg sikkert ikkje ynskja).
#TogTut
Om bord
#maisietoget#togtut
Eg fekk kundeundersøking frå Vy :vy: i morges som oppfølgjing til turen min frå Oslo til Gøteborg i går.
Dei spør direkte om eg skulle vidare til Tyskland 👀
Dette håpar eg tydar på at det ser skikkeleg på å etablere eit samarbeid som kan ta oss heile vegen.
Snälltåget :snaelltaget: får tog frå Oslo til Malmø med korrespondanse til nattoget vidare til Hamburg/Berlin! Vy kan vel ikkje vera dårlegare?
#TogTut
Nett komen fram
#togtut