Meg
MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Rett før jobb så fekk eg melding om at alle dei nye togskjenene mine har kome på nærbutikken! Argh! Gjort enda verre av at i morgon ettermiddag forlet eg byen i nesten ei veke.

#Modelltog

Eg har fått leika med toget! No er gjesterommet / kontoret / biblioteket blitt til togrommet!

Heilt golvet er ei skjeneløkke med sporveksling, to perrongar, og ei bru.

#Modelltog

#modelltog

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

I dag forlot eg ein bokhandel utan å ha kjøpt ei bok.

BookWyrmbyrja å lesaLes på BookWyrm ↗

Han, solo

Robin Van de Walle

2022 · 250 sider

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Regjeringa: Det blir fiskeforbod i halve Oslofjorden for den blir faktisk fiska i hjel av uanstedig fiskeri

Fiskare av Oslofjorden: :( dette treff oss faktisk ganske hardt, faktisk

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Eg vil skaffe meg ny epost-adresse, kva ting burde eg prioritere tyngst?

Til deg, ja deg, som ikkje klarar å velgje nokre av alternativa så kan du berre svare meg med det alternativet eg var dum for å ikkje ta med.

#Hjelp

#hjelp

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Dette er fyrste morgon på veldig lenge kor eg *ikkje* har ei bok klar til å lese i.

Eg fullførte førre bok på togturen i går og orka ikkje velgje neste bok før eg la meg.

Kva bok burde vera mi neste?

#BokTut

#boktut

NeoDBsågLes på NeoDB ↗

Rick and Morty sæson 8

2025

BookWyrmbyrja å lesaLes på BookWyrm ↗

Hunger

Jin-young Choi, Soje

2025 · 131 sider

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Etter ein lengre studie er eg klar til påstå at ingen vognar er meir bråkete enn stillevognar.

#TogTut

#togtut

Togreiste

Oslo S → Bergen

Vygruppen AS · 478 km

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Ed Sheeran var ganske god i går. Det var kanskje litt for dårleg trøkk i ljoden? Altså, det var høgt volum og eg kjente bassen i brystkassen, men det mangla alikevel eit eller anna.

Det blei litt surna av å vite at Sigrid var gjesteopptreden dagen før, mens me "berre" fekk ei ekstra låt av han eine oppvarmaren.

Konserten markerte seg ikkje til noko toppliste for meg.

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Eg hadde ikkje fått med noko av kontroversen rundt Øya før eg såg plakatar her i Oslo. Eigarane investerar i Israel.

Mogleg det har stått i nasjonale medier, men eg håpar folk får det med seg. Avisa Oslo har heldigvis ei open sak om det:

https://www.ao.no/oyafestivalen-eies-av-kkr-med-koblinger-til-ulovlige-bosettinger-og-israelske-teknologiselskaper/o/5-128-1105250

#Allheimen

#allheimen

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Eg er på Ullevål stadion for å sjå Ed Sheeran. Det gjer meg ikkje trygg å sjå politi med pistol spankulerande rundt på golvet, må eg vera ærleg å seia.

Eg tenkjer heller på alle ulukkane som kan skje heller enn dei få tilfella kor det kunne vore lurt å skyte ein slemming.

BookWyrmlas utLes på BookWyrm ↗

The Second Chance Convenience Store

Janet Hong, Kim Ho-yeon

2025 · 208 sider

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Det gjekk skikkeleg dårleg som turist i Oslo i går. Eg var heilt i feriemodus og tenkte at shopping var berre schpaa. Ein tur på bokhandleren kosta meg over tusen kroner (for berre tri bøker!!!) fordi eg av ein eller anna grunn skulle kjøpe båe nyheiter og harde bøker.

Ei bok stod for nesten halve kosten fordi den var HEILT ny. Der var resonnement at denne debutboka var jo signert, og NRK hadde likt den, så då er det vel ekstra stas med signert versjon i heimebiblioteket heller enn å vente eit halvt år på at biblioteket skulle få ho inn.

#BokTut

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Vakna til SMSar frå to forskjellege hald etter ein lur på hotellet.

Ein frå banken om at dei har sperra kontoen min pga svindelforsøk (men dei stoppa det 😎) og ein frå ein utanlandsk pengeoverføringsteneste om at eg hadde overført penger til ein ukjent fyr (og det gjekk fint 😎).

IT-tenesta til banken var stolte av å ha stoppa dei 9,25 NOK, men forstod eg var litt meir opptatt av dei 2095 NOK som faktisk gjekk ut utan mi godkjenning.

Tykkjar forøvrig det er ganske imponerande at dei avdekkar slik, men samtidig forstår at eg faktisk er i jysla mange forskjellege byar og land over kort tid når eg er på interrail.

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Gjekk forbi Grotten for å kikke på huset kor Jon Fosse kanskje skreiv bryllaupskortet til meg og ho kona. Porten var open og det stod ein bil der, men ho kona ville ikkje la meg ringe på 😤

Eg slo opp bilen hjå vegvesenet og det var faktisk Jons bil! Der inne satt ein fyr med Nobels pris i litteratur som veit om bokserien min, «Udugelege heltar».

#BokTut

#boktut

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Det er Norway cup i helga og eg har aldri opplevd Oslo S så travel etter eit nattog på ein laurdag.

Fullt av ungdommar som skal på toaletta, leggje att bagasje i skapa, og generelt skapar liv i fellesområda. Elskar det!

Togreiste

Bergen → Oslo S

Vygruppen AS · 478 km · nattog

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Eg og ho kona har vore gift i 42 dagar og skal no tilbringe vår tredje natt på tog som ektepar. Den statistikken blir neppe betre på ei stund. :vy:

#Togtut

#togtut