Meg
MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Eg har laga eit kart med alle dei store togferiane eg har tatt i løpet av livet så langt!

Det har blitt litt tog etterkvart, og det blir nye land og områdar teikna ut i løpet av sumaren.

https://markus.plus/reisar#Kart+over+alle+st%C3%B8rre+togferiar

#Togferie #TogTut

#togferie#togtut

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Tired: Drikk du kaffi med havremjølk så likar du ikkje kaffi, du likar havremjølk med kaffismak 🙄

Wired: Et du sjokolade med havremjølk så likar du ikkje sjokolade, du likar havremjølk med sjokoladesmak 😎

Eg likar havremjølk

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

No skal eg bruke markus.plus til å publisere alle dei dårlege teikneseriestripane eg får idear til.

I stor grad ei unnskuldning til å øve meg i mermaid sin syntaks (måten eg skriv kva figurar som skal stå kor i stripa).

https://markus.plus/teikneseriar/heisen

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

I dag er siste dagen til ein nær kollega. Eg har faktisk ikkje oppleve nett denne situasjonen før kor ein nær kollega går til eit anna firma, så det er overraskande spesielt.

Dagen blir enda meir spesiell, på ein heilt anna og mykje meir positiv måte, av at eg etter jobb skal hente båe gifteringar og bryllaupsdress!

No er gifteringar og dress i hus!

Me skal faktisk gå med ringane i ei veke no for å verifisere at me har riktig storleik.

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Prøvar ut @obsidian sin Publish-funksjon. Tanken er å skrive ned litt meir om årets #Togferie der. Litt rundt korleis eg finn rutar, setereservasjonar, hotell, og anna praktisk info.

https://markus.plus

#togferie

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

I dag dro eg ut og kjøpte meg ein... DVD-spelar??? Det forventa eg ikkje av 2025. Ein gamaldags DVD-spelar som ein koplar i fjernsynet. DVD-speling som hovudfunksjon, ikkje i tillegg til bluray-speling eller noko slikt.

Men den er sonefri! Så endeleg kan eg sjå mange gamle DVD-ar eg ikkje har kunnet sjå sida min førre sonefri spelar gjekk tapt.

#Filmprat

#filmprat

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

NRK meldar om den «finaste våren i Storbritannia på hundre år!»

Lita bisetning om at all sola har ført til tørke for bøndene.

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Deileg å sjå at når tri fagfolk publiserar ytring i Bergens Tidende så er kommentarfeltet skeptisk til kva dei faktisk kan og meinar, mens når ein app-gründer skriv ytring om same fagfelt så er folk skikkeleg positive og støttande.

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Eg har ikkje akkurat sakna dette høljeregnet, kjenner eg.

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Etter ei helga på hytta med brettspel og rollespel som "utdrikningslag" er eg heilt skutt. Eg er ikkje laga for å vera vaken til 2 og stå opp 9 to dagar på rad.

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Ei bok blir utgitt i dag som eg har planlagt å gå på bokhandelen for å kjøpe, men bokhandlarane vil jo ikkje oppdatere vevsidane sine for å vise om dei har den inne. 😤

«Lanserast 22. mai!»

Ja, det er i dag!!

#BokTut

#boktut

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Kos at òg nordmenn kan vera russiske oligarkar.

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

I dag skal eg faktisk på fotballkamp! Trur det er fyrste fotballkamp eg er på sida Sandviken vann Toppserien.

Usikker på om det blir like bra stemning på Åsane når Viking slår dei ut av cuppen.

#Ballheimen

#ballheimen

BookWyrmbyrja å lesaLes på BookWyrm ↗

The Bookshop on the Shore

Jenny Colgan

2020 · 407 sider · Kirrinfief

BookWyrmlas utLes på BookWyrm ↗

The Cat Who Saved Books

Louise Heal Kawai, Sosuke Natsukawa

2022 · 224 sider · The Cat Who...

BookWyrmbyrja å lesaLes på BookWyrm ↗

The Cat Who Saved Books

Louise Heal Kawai, Sosuke Natsukawa

2022 · 224 sider · The Cat Who...

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

@fivrelden Dette namnet hugsa eg ikkje, så eg slo han opp. For nokre verk! 😯 «Blindpassasjer!»

Eg ser eg må få tak i nokre av desse fabelprosane hans.

BookWyrmbyrja å lesaLes på BookWyrm ↗

I Want to Die but I Want to Eat Tteokbokki

Anton Hur, Baek Sehee

2023 · 208 sider · i want to die but

BookWyrmbyrja å lesaLes på BookWyrm ↗

Sommer

Amalie Skram

1994 · 107 sider

BookWyrmlas utLes på BookWyrm ↗

Gater jeg har levd

Nikolai Torgersen

2025 · 208 sider