Markus-matte er at no som eg har lesebrett kor eg nesten berre les bøkar frå biblioteket, så har eg råda til å handle dyre teikneseriar som eignar seg best i fysisk format.
11 døgn har gått sida me satte oss på nattoget ut av #Bergen. Me har vore på konsert i #Køln, utforska #London og #Oxford, og eg har vore på konferanse i #Amsterdam.
Det er 33 timar sida me forlot #Amsterdam, og det skal bli herleg å kome seg heim til eiga dusj og seng.
Me er endeleg på siste skjenetur som del av ferien. #Bybanen! Diverre ingen #interrail på denne turen, men så har eg no allereie Skyss-pass.
Det blir ny #togferie til neste år. Bryllaupsreisa!
Konferansen over, no ventar togturen tilbake til #Noreg!
Det har kjens gjevande og ekstra gøy å reise på #konferanse i utlandet når arbeidsgjevar gjer meg løyve til å ta toget fram og tilbake. Då blir det ein gøy tur frå start til ende, og eg får sett ein stor del av Europa frå skjenene.
Håpar eg får moglegheita til å vitje fleire konferanser på denne måta i framtida!
Markus (@markus@skvip.lol) står framføre Amsterdam Centraal-stasjon. Han har på seg ein stor blå sekk. Han har ljosebrune buksar, ein brun genser, og sorte sko med kvite sålar.
Det er blå himmel.
Amsterdam Centraal er eit stort gamaldags bygg. Raud stein. Brune og kvite aksentar.
Det er mange folk mellom Markus og stasjonen.
No har eg hatt min siste skikkelege natt på #interrail. 😔
I morgon blir det konferanse til 1440, og så trikk rett til #Amsterdam Centraal for å toge oss til #Hamburg for nattoget til #Malmø.
Fredag blir rekordlang togdag for vår del, heilt frå Malmø til #Bergen. Rekorden vår kom i fjor når me reiste Gøteborg - Bergen på siste dag av #togferie.
Gler meg iallfall til å få prøvd Snälltåget sitt #nattog!
Det blei diverre ikkje heilt slikt! Årets internasjonale #togferie tok oss akkurat ikkje heilt heim. Pga ein «medisinsk hending» på nattoget så blei me to timar forsinka inn til #Malmø, og det var AKKURAT nok til at me ikkje har moglegheit til å nå toget vårt frå #Oslo til #Bergen.
Det blir fly.
Kjipt for klimabudsjettet mitt, men det går faktisk ikkje an å forutsjå at toget skal stå to timar midt på natta for å få gitt medisinsk hjelp til ein passasjer.
Har eg vore heldig, eller har bygdeværingane som advarte meg om syklistar i #Amsterdam berre ikkje erfaring med å vera i bybiletet?
Det er veldig mange syklistar i Amsterdam, ja. Mange fleire enn heime. Men dei oppførar seg ikkje verre enn dei heime. Det er lett å kome seg gjennom ein sykkelveg, sjølv om det er ti syklar på veg.