På perrongen før
Torucon 2026
6. august 2026 – 10. august 2026
4 etappar · 2 072 km · 29 innlegg
Statens Järnvägar · Vygruppen AS
Ruta
- 6. aug. 23:01 Bergen → Oslo S · Vygruppen AS · 484 km · nattog
- 7. aug. 07:50 Oslo S → Trondheim · Statens Järnvägar · 552 km
- 10. aug. 08:17 Trondheim → Oslo S · Statens Järnvägar · 552 km
- 10. aug. 16:23 Oslo S → Bergen · Vygruppen AS · 484 km
1Bergen → Oslo S
6. august 2026 · 23:01 → 06:30 · Vygruppen AS · 484 km · nattog
Det er alltid trippy å koma med nattoget til Oslo på ein kvardag. Det er jo så mange folk her! Og så mange fleire butikkar som er opne.
Nett komen fram
2Oslo S → Trondheim
7. august 2026 · 07:50 → 14:40 · Statens Järnvägar · 552 km
Her er dagens #TogSelfie! I dag i lag med SJ Nord sitt lol som skal dra meg vidare mot Trondheim S og #Torucon.
Dette blir min tredje gong på strekket.
På perrongen før
Eg rakk ikkje å få ta bilete, men eg trur eg såg eit gamalt Flytog ommalt til Vy-fargar og logo
Om bord
Kvifor skal så mange reise frå Oslo-området til Trondheim så tidleg på ein fredag, då??? Toget er jo stappfullt, jo!
Folk må skjerpe seg og reise i meir fornuftige tidar.
Om bord
På Hamar stasjon stod eit gamalt lok (tenk Stålvogntoget) med filmcrew. Eg trur eg såg Kristoffer Hivju på perrongen.
Kva er det dei filmar?
Om bord
I Lillehammer kom det så klart på 6 stk rett i nærleika av oss som alle er same gjeng. Dei sitt og drikk jägermeister. Så der har du vore liv dei neste 4-5 timane.
Dei helte seg fleire nye drammar no siste timen før Trondheim S. Skulle heller vore i Drammen...
No er eg i Drammen. Kan stadfeste at dette er betre.
Om bord
Flaks eg bytta til cargoskjorts for togturen. Båe fordi toget er varmt, men óg fordi då får eg plass til båe powerbank og mobil med hotspot på i lomma.
Om bord
Dagens togtur er over. No er me på hotellet for å rigge opp standen for helga.
Spørs om det blir meir #TogTut før måndag!
Nett komen fram
3Trondheim → Oslo S
10. august 2026 · 08:17 → 14:48 · Statens Järnvägar · 552 km
Åh, nice. Me skal 14~ timar på tog i dag og så er toget frå Trondheim til Oslo regionstog. Så ingen kafé og verre seter. 😊
Her er #TogSelfie med toget! Stas med båe regnbogetog, maskot på perrongen, og personale som delar ut gratis SJ-okolade.
Skjermen løy, det ER kafé på toget! Eg har ikkje fått tatt den Type 73 før, så når eg såg eit kort tog med slik snute så tvilte eg ikkje på infoskjermen.
På perrongen før
I dag kan de følgje reisa mi på https://msge.no/tog.
Har ikkje fått testa det under togtur enda, så det blir spanande.
Det ser bra ut!
På perrongen før
Alle gongane eg har åte chili sin carne på Dovrebanen så har eg blitt servert av same mann.
Om bord
4Oslo S → Bergen
10. august 2026 · 16:23 → 23:18 · Vygruppen AS · 484 km
Står på Oslo S og ser mot Amedia. Tenkjer på om @kly har togutsikt frå kontorlandskapet sitt.
På perrongen før
Her er #TogSelfie frå Oslo S!
Siste tog av turen. Her hjå Vy er det deileg og kjøleg etter SJ
sitt altfor varme tog.
Me har fått sitteplassar kvar for oss her, på nok eit fullt tog.
Om bord
Eg såg ein tesla på Finse?
Om bord