
Youth Season 1
2026 · Dawn Shadforth · Comedy, Drama

2026 · Dawn Shadforth · Comedy, Drama

2026 · Aleksander Herresthal · Comedy

2026 · Even Husby Grødahl · Comedy

2026 · Christopher J. Byrne · Sci-Fi & Fantasy, Drama

2026 · Lance Oppenheim · Thriller, Drama, Crime
sett på kino

2026 · Tom Dean · Romance, Drama
sett på kino

2026 · Georgia Oakley · Drama, Romance
sett på kino

2026 · Travis Knight · Animation, Fantasy, Adventure
sett på kino

2026 · Rikke Gregersen · Drama, Comedy
sett på kino
Det er #DenStoreKinodagen! Eg sitt i salen for dagens fyrste film. Eg har safranbollar og islatte med meg.
Diverre er MinReol nede, så de får ikkje følgd dagen der.
Fyrste film er Wildwood frå Laika.
https://www.imdb.com/title/tt2056785/
Wildwood var heilt fantastisk. Snakk om kunst. Den råder eg de alle å sjå.
No er eg i ein hemmeleg (???) kinosal på Bergen kino og ser «Charlie Harper». Ingen hadde kjøpt billett, bortsett frå meg, så her sitt eg på ein sal normalt sett reservert til private og interne lag.
Eg måtte bli geleida opp og blippa inn i salen!
Dette er faktisk sjukt. Eg har hatt kinosal åleine før. Men ikkje sånn her.
«Charlie Harper» var veldig emosjonell. Den røyrte meg veldig.
No har eg ein times middagspause før neste film. Neste, tredje, film går rett over i fjerde, så eg treng noko næring.
Her er eg utanføre den hemmelege salen. Han kan visstnok leigast for arrangement. Mogleg eg må finne på ein grunn til å leige salen for ein god film....
Etter middagspausen er eg tilbake på kinoen. No skal eg sjå «Suser avgårde». Denne blir vist i eit anna bygg, og her er det ein DJ i tenåra og klovn som lagar ballongdyr.
«Suser avgårde» var ganske ambisiøs, men traff ikkje meg heilt. Den var dog veldig flink på å få kleine ting til å verkeleg føles kleine.
No skal eg sjå «Sense and Sensibility», dagens nestsiste film.
«Sense and Sensibility» var morosam og hjartefølt. I hakket lang. Gøy å sjå Isak frå «Markens grøde» preike britisk.
Ein ting eg verkeleg har rukket å irritere meg over i dag er folk som kjem inn etter filmen har starta med lommelykta på mobilen i fullt fyrmodus for å finne plassen sin.
Eg er samd at det kan vera vanskeleg å finne plassen sin i mørket, men du kan jo koma litt før filmen faktisk har starta. Og kanskje unngå det verste av ljos rett i trynet på folk.
Etter så mykje tid innandørs på kino passa det utmerka med ein halvtimes spasertur og nokre vegetarnuggets før kveldens siste film.
No skal eg inn og sitte i same sal, og same sete, som eg nettopp satt i. Berre at denne gongen skal eg få sjå Robert Pattinson spele i «Primetime».
Ein sitt no mest inni mørke kinosalar, men ikkje før dagens siste film dunka eg inni ein bekjent filmelskar. Kor er alle heltar hen?
«Primetime» hadde noko veldig bra skodespel, men filmen haldt ikkje tida bra. Det var mange sekvenser som føltes altfor lange og malplasserte.
No har eg bestilt billettar til #DenStoreKinodagen på laurdag. I år blir det 5 filmar mellom 10.30 og 23.05.
2026 · Reality
2025 · Amanda Marsalis · Drama
2026 · Comedy
2026 · Hans Petter Moland · drama
Sett på kino
2026 · Finn-Erik Rognan · Documentary
2026 · Reality
2022 · Derek Drymon · Animation, Comedy, Family
2018 · Genndy Tartakovsky · Animation, Comedy, Family
2026 · Joe Port · Comedy, Sci-Fi & Fantasy