Meg
MastodonskreivLes på Mastodon ↗

@eivind Altfor Noreg!*

* Bortsett å gå i toget med barna sine sjølv, æsj ass

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

I februar i fjor dro me til Drammen for å sjå #MaisiePeters på scena. Der varma #ParisPaloma opp, som til då var ukjent for oss.

I september i fjor dro me til Køln for å sjå #ParisPaloma på scena. Der varma #SarahJulia opp, som til då var ukjent for oss.

I kveld skal me sjå #SarahJulia på scena, men me drar ikkje lengre enn inn til Bergen sentrum!

Håpar nesten det skal vera nokre oppvarmarar i kveld som me kan sjå som hovudopptreden om nokre månedar.

#Musikk #Konsert

#maisiepeters#parispaloma#sarahjulia#musikk#konsert

MastodonskreivLes på Mastodon ↗
Mat og mental helse

Denne veka har me prøvd matkasse for fyrste gong. Me fann ein som kan levere 2-3 veganske rettar i veka.

Eg er kjempeimponert! Ikkje berre var det god smak, men det at me hadde nett det me trengte av ingredienser gjorde at ein del av den mentale lasten var vekke òg!

Eg likar å lage mat, men når eg har det kjipast orkar eg ikkje tanken på å ta stilling til mengdar av mat. Her var det berre å hive med alt.

#Vegansk

#vegansk

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Det er kjipt vanskeleg å finne nyheiter om diverse artistar når ein ikkje har noko konto på Meta, X, eller tiktok. Alle dei "sosiale" mediane har jo bestemt seg for at du berre kan sjå innhaldet der med konto.

Delbare lenker ebber vekk frå samfunnet.

Eg kjem til å ende opp med nyheitsbrev i fleng, men det er jo definitivt ikkje den same type kommunikasjon.

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Nokre ting må eg jobbe på med meg sjølv. I går gjekk eg frå 40% sjukemelding til 50% sjukemelding, men i dag har eg jobba 66%.

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Privat buss i dag. Ingen andre på den. Me må stå stille i fleire minutt på visse stopp for å ikkje køyre forbi ruta.

Skal eg spørre om sjåføren kan ta meg til døra? 🤔

NeoDBsågLes på NeoDB ↗

En Minecraft Film

2025 · Jared Hess · Familie, Komedie, Eventyr

MastodonskreivLes på Mastodon ↗
Elitisk kulturskildring 😌

På torsdag var me og såg på 2500 år gamalt gresk teaterstykke, i dag er det Minecraft-filmen. Frå høgkultur til høgkultur!

Eg er skuffa. #Minecraft-filmen var ikkje dårleg nok for meg. Den klarte ikkje snu kurva slik at den blei gøy att.

Lurar fælt på korleis dei i det heile kom på dette konseptet for å filmatisere Minecraft.

#Filmsnakk

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Det er #DoctorWho-laurdag!

#doctorwho

MastodonskreivLes på Mastodon ↗
Sjukemelding / mental helse

Psykologen lurar på om eg har strekt strikken for langt med 60% jobb, og foreslår eg går tilbake til 50%. Det er kjipt, men eg kjenner eg treng det.

Det er verkeleg kjipt å kjenne på at ein vaklar på kanten til langvarig utmatting.

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

@eivind Det er sant, eg hadde av og til ein på barnesoverommet. Det blei jo annleis sida det då var den einaste eg kunne sjå ting på åleine.

@Vigdisol

BookWyrmlas utLes på BookWyrm ↗

Mord i bokhandelen

Gunn Helene Arsky

2025 · 366 sider · Engel & Luna

BookWyrmmeldeLes på BookWyrm ↗

Mord i bokhandelen

Gunn Helene Arsky

2025 · 366 sider · Engel & Luna

Koseleg

Koseleg og lavmælt! Eg kjem til å lese neste når den kjem i haust.

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Har klart å planleggje såpass dårleg at når eg måtte gå av bussen så hadde krimboka mi nett kome til klimakset kor den skuldige blir avslørt.

#BokTut

#boktut

Mastodonla ut eit bileteLes på Mastodon ↗

Denne boka hadde eg gått rett forbi. Så vidt kikka på før eg dømte den som noko uinteressant for meg.

#BokTut

Bokomslag for «Den lille bokhandelen på hjørnet» av Jenny Colgan.

Rosa-blå himmel over eit grønt distriktslandskap. Nokre sauar. Ein gamal grøn varebil. Eit britisk gardshus

Ein kvinne i rosa drakt syklar langs vegen. Bøker på lasteplanet.

Omslaget er satt samen av fotografier.
Bokomslag for «Den lille bokhandelen på hjørnet» av Jenny Colgan. Rosa-blå himmel over eit grønt distriktslandskap. Nokre sauar. Ein gamal grøn varebil. Eit britisk gardshus Ein kvinne i rosa drakt syklar langs vegen. Bøker på lasteplanet. Omslaget er satt samen av fotografier.

Denne boka plukka eg opp, kjøpte, las, og likte godt nok til å kjøpe tri fleire av forfatteren i same stil.

Det er så klart same boka.

#BokTut

Bokomslag for «The Bookshop on the Corner» av Jenny Colgan.

Veldig gult omslag. Teikningar av grøne bakkar lg fjell med ein varebil, nokre sauar, og nokre hus. Ein kvinne er teikna fremst, ho sitt på bakken med fleire bøker.

Omslaget er illustrert.
Bokomslag for «The Bookshop on the Corner» av Jenny Colgan. Veldig gult omslag. Teikningar av grøne bakkar lg fjell med ein varebil, nokre sauar, og nokre hus. Ein kvinne er teikna fremst, ho sitt på bakken med fleire bøker. Omslaget er illustrert.

#boktut

MastodonskreivLes på Mastodon ↗
USA-politikk og krig i Ukraina

Altså, forstår #Trump i det heile kva fredsforhandlingar er? Ikkje berre vil han at den angrepne skal gje frå seg store mengder land til angriparen, i tillegg vil han trekke seg frå heile greiane dersom det ikkje blir fred fort nok?

Kva er det han eigentleg vil? Berre vise verda at han er på Russland si side?

#trump

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

#BergensTidene skal slutte med kulturredaktør og berre ha "kulturkommentator"... 😒

Fyrst kuttar kommunen i stipenda til kultur, og no skal avisa ikkje dekke det skikkeleg ein gong...

#Bergen

#bergenstidene#bergen

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Eg har ikkje lust på ei skjære som kjæledyr, eg har lust på ei skjære som ein kompis

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Tek du òg henda ut av lommane når du går i trappar for å bli kvitt dei mentale bileta av deg sjølv som snublar i trappa utan å kunne ta deg for i fallet?

Eg er litt stolt over at eg tydeligvis klarte å introdusere ei ny bekymring til ein del nye folk i går morges.

MastodonskreivLes på Mastodon ↗

Det er tåke og det luktar nydeleg