Faen, no skjer det. Gjekk til jobb i mørket og heim i solnedgong.
Uff. Etter ei dagslang arbeidsveke er eg skutt. Skulle tatt meg ein kortare dag. Kanskje arbeidsveke på ein dag á fire timar er framtida.
Får sigre gjennom noko ro med #konsert.
Der kor mi trulova vakste opp hadde dei ein refleksvest på busstoppet som dei vifta med for at bussen skulle stoppe på vinteren.
Dette følar eg trengs i #Bergen òg. Sjølv om eg har refleks på meg ser dei ikkje alltid den utrakte armen mes mindre den held ein telefon med ljossterk skjerm.
Startar dagen med ny musikk frå #MaisiePeters, #SynneVo, #Sigrid, og #MichelleUllestad. Skal avslutte dagen med konsert av #Sigrid.
Det blir ei fæl arbeidsveke.
Eg overlevde fire vekar på interrail utan nokre skadar, men etter ei helg i Oslo er eg sengeliggande som følgje av eit overtråkk. Gøy!
Notting Hill
1999 · Roger Michell · Romantik, Komedie
Sitt i andreetasje på buss for tog frå Arna til #Bergen. Alle par med setar har minst eit ledig sete. Folk kjem opp trappa, ser seg om, får ei grimase, og prøvar så å gå ned att. Noreg.
Nett komen fram Oslo S → Arna · Vygruppen AS · 474 km · nattog
Oslo S → Arna
Vygruppen AS · 474 km · nattog · ☁️ overskya · 17°
Satt bak tri austlendingar på trikken. Han eine var skikkeleg deppa fordi han skulle flytte. Det var så dritt by han skulle til. Dårleg vêr. Mindre kulturtilbod. Rarare folk.
Det viste seg han skulle til #Bergen.
Han snakka om at det gjerne regna i ei måneds tid i Bergen. «Men det er jo berre små dråpar.»
Eg hadde ikkje hjarte til å korrigere han frå to radar bak på trikken.
Når eg var på visning for mi fyrste leiglegheit i #Bergen så var det nedbørsrekord. Det var så fælt at eg revurderte heile opplegget. Tullar ikkje.
Alle hotell i verda er med på ei sammensverging. Dei latar samtlege som om dei har chromecast på fjernsyna sine, men det fungerer aldri. Aldri.
Kva vinn dei på det, spør du??? Nettopp, seiar eg!!
Arna → Oslo S
Vygruppen AS · 474 km · nattog · 🌦️ yr · 17°
Ein av mine favoritting er å sjå folk stoppe bilane sine i busstopp langs tungt trafikkerte vegar for å så bli overraska, eller av og til sure, når det "plutseleg" kjem ein buss bak dei.
One More Time
1970 · Jerry Lewis · Komedie, thriller
Vaiana
2016 · John Musker · Eventyr, Komedie, Familie
I dag kunne eg overraska mi trulova med å synge vignetten til «Ole, Dole og Doffen på eventyr» på finsk.
Det er tydelig at ho ikkje havna i dei same YouTube-hóla som meg.
Åja, stemmer det, #korona fins jo enda. No lev eg gjennom «Korona 3: Tokyo Drift.»
Starta dagen med å sende smittemelding til kursleiar som så klart hadde satt seg på internasjonalt flyvning rett etter kurset.
Viss du gjekk glipp av #Raptus så kan du lese David Skaufjord si oppsummering. Han skriv i overraskande detalj om posten min! (ctrl+f udugelege)
https://www.empirix.no/david-skaufjord-drar-pa-raptus-2023/
#Empirix #UdugelegeHeltar #NoGoodHeroes #Nynorsk #Teikneserie #Tegneserie #NorskTut #Allheimen
The Out-Laws
2023 · Tyler Spindel · Romantik, action, Komedie
Langvarig forkjølelse er ein av sjukdomane eg likar minst å ha. Følar meg berre konstant litt dårleg, men ikkje dårleg nok til å vera *sjuk*.
Går berre rundt og hostar og nysar.
Fair Play
2023 · Chloe Domont · drama, thriller, Romantik