I dag fekk eg handla togbillettar. 😩🥵
Er i den delen av sjukdomsforløpet kor halvparten av tida mi går til å hoste, og den andre halvparten går til å banne og steike over hostinga.
Eg har nytt livets glade dagar i august med å berre hatt kundearbeid 2 dagar i veka, no har det kome ein anna kunde og tatt dei resterande 3 dagane i veka mi. Så fort frå masse ledigtid til interne prosjekter, til absolutt ingenting.
Eg forstår faktisk kvifor dei skal stenge ned store delar av Oslo for Harald si gravferd. Det er ei stor greie som treng masse rundt seg.
Men det er jo ein vanleg kvardag. Dei har ikkje gjeve folk fri til å markere det eller delta. Så no skal alle desse klemme seg inn på t-banen (som er det einaste opne)? Ingen trikk?
Hm.
Maisie Peters · 11
Sjå alle 11 spora
- Maisie Peters — Old Fashioned (Florescence)
- Maisie Peters — Talking To Strangers (You Signed Up For This)
- Maisie Peters — Audrey Hepburn (Florescence)
- Maisie Peters — If You Let Me (with Marcus Mumford) (Florescence)
- Maisie Peters — Volcano (You Signed Up For This)
- Maisie Peters — Kingmaker (with Julia Michaels) (Florescence)
- Maisie Peters — Guy On A Horse (The Good Witch)
- Maisie Peters — Wendy (The Good Witch)
- Maisie Peters — The Last One (The Good Witch)
- Maisie Peters — Say My Name In Your Sleep (Florescence)
- Maisie Peters — History of Man (The Good Witch)
Gjekk gjennom lista av kven eg følgjar her inne, og fjerna fullt av kontoar som ikkje hadde vore aktive på fleire år samt nokre kontoar for organisasjonar eller firmaer som ikkje var relevante for meg lengre.
138 kontor fjerna eg. 138. Det var store mengder norske kontoar som ikkje hadde skrevet noko sida tidleg 2025.
Eg følgde jo over 400 så følgeleg innbilte eg meg at så mange nordmenn ish er aktive her, det er jo mest norsk i straumen min.
Men det er vel eigentleg dei same 10-15 som skriv mest.
Eg spelar nokre enkle spel kvar dag. Sånn faktisk for å sjekke kor "på" eg er før arbeidsdagen. Eg veit nokon lunde kor lang tid eg brukar på dei, og kor vanskelege dei er kvar dag, så ser eg berre om eg har ein seig eller normal dag.
Eg spelte i dag, mens eg sitt heime sjuk. Og kvart einaste spel tok meg 3-5 gongar lengre å fullføre. Hjernen er heilt grøt.
Mord på biblioteket
Gunn Helene Arsky
2025 · 399 sider
Fekk denne til jol i fjor. Hadde planar om å lese ho til påske, men den var litt stor og hard til å ta med på den lange togturen på tvers av Europa. Då får det bli seinsumar-krim i staden, sånn at eg kan kome meg vidare til bok 3 og 4 dersom eg likar denne.
Røpevarsel for Game Changer S08E03
Ron Perlman???
Markus som prøvar å rekne ut ein togtur som kan få han enten frå Birmingham til Gøteborg på 2 dagar eller frå Bergen til Napoli (og tilbake) utan å ta ei heil veke fri:
Spørsmålet er jo om me skal ta oss ein vinterferie med tog sydover mot Napoli... 🤔
Turen ville blitt vår 3. lengste nokon gong i reisetid, nest lengste i antal kilometer.
Ja, turen er faktisk 60 kilometer lengre ell bryllaupsreisa vår som me brukte tri vekar på i fjor!
Det verkar i overkant mykje... Eller?
Her er den i overkant lange turen som planlagt (med forbehald om at rutar kan endre seg fram til januar).
Champions League-kampane for Viking er annonsert, og trur de ikkje at alle bortekampane er på dagar som faktisk ikkje passar for meg? 🥲
Sida dei vann i fjor har eg draumd om å ta ein tur med tog ut i Europa for å sjå Viking på bortebane.
Det nærmaste til å passe er Aston Villa 21. oktober, men eg skal på konsert i Gøteborg 24. oktober.
Etter det er det Napoli 27. januar, men det er 2 dagar med tog EIN VEG. Eg likar tog, men det er langt for ein kort tur, då må eg finne på ein vinterferie.
Eg berre tippar eg ikkje får nokre billettar til heimekampane sida eg ikkje har noko abonnement, og dei har sagt at det er dei som får flest billettar. Så då blir det vel ikkje noko Viking i Europa for meg? Trist.
Godt å sjå at NRK endeleg delar kva Trump tenkjer om at Kong Harald V døydde.
Synne Sørgjerd · 18Trang Fødsel · 2
Sjå alle 20 spora
- Trang Fødsel — Håper at jeg aldri blir for stor (Håper at jeg aldri blir for stor)
- Synne Sørgjerd — Bli Ny-Dag (Jeg Hater Også Meg)
- Synne Sørgjerd — Aldri så vondt (Jeg går ned med dette skipet)
- Synne Sørgjerd — Sjalu (Jeg går ned med dette skipet)
- Synne Sørgjerd — Jeg går ned med dette skipet (Jeg går ned med dette skipet)
- Synne Sørgjerd — Alt jeg ikke sa (Jeg Hater Også Meg)
- Synne Sørgjerd — Mer av meg i monitor (Jeg går ned med dette skipet)
- Synne Sørgjerd — Lett å ta tilbake (Jeg Hater Også Meg)
- Synne Sørgjerd — Lett å ta tilbake (Jeg Hater Også Meg)
- Synne Sørgjerd — Store åpne sår (Jeg går ned med dette skipet)
- Synne Sørgjerd — Jeg vil ha deg (Jeg går ned med dette skipet)
- Synne Sørgjerd — Der du bor (Jeg går ned med dette skipet)
- Synne Sørgjerd — Høye Hus (Jeg går ned med dette skipet)
- Synne Sørgjerd — Høye Hus (Jeg går ned med dette skipet)
- Synne Sørgjerd — Fremtiden (Jeg Hater Også Meg)
- Synne Sørgjerd — Genser/Grenser (Jeg Hater Også Meg)
- Synne Sørgjerd — Se & hør (Jeg går ned med dette skipet)
- Synne Sørgjerd — Var det dette du ville ha? (Jeg Hater Også Meg)
- Synne Sørgjerd — Hun du venter på (Jeg går ned med dette skipet)
- Trang Fødsel — Håper at jeg aldri blir for stor (Håper at jeg aldri blir for stor)
Datingdagboken
Victoria Larsen Stø
2026 · 367 sider
Denne hadde eg aldri høyrd om før eg såg ho satt opp som 10-dagers lån på biblioteket. Det som interesserte meg var det norske forfattarnamnet, elles hadde nok omslaget fått meg til å gå vidare.
Men Victoria Larsen Stø har skrevet ei godt dugeleg romantisk komedie! Dette minnar om Emily Henry berre på norsk, i Noreg, med ei verd som kjens litt nærare mi eiga som følgje. Den har så klart alle tropar og slikt ein kan tenkje seg, men det er no litt av poenget med sjangeren.
Eg kosa meg veldig med denne, og kjem til å halde eit auge etter Victoria Larsen Stø si neste bok.
Eg kan forstå kvifor, altså, men eg er ikkje samd i at så mange arrangement skal avljosast. Folk har handla billettar og kanskje ordna transport og overnatting. Då er det spesielt at det berre blir avljost på dagen.
Ein av Stavanger sine større musikkfestivalar byrja i går. Musikkfestivalar høyrar me jo om heile tida er dyre å drive, og at dei gjerne ikkje går heilt rundt.
Sida regjeringa ikkje har sagt at arrangement MÅ avljosast så hadde arrangøren tap 40 millioner kroner og måtte ha solgt huset sitt.
Likevel har han fått dødstrugslar frå folk som reagerar på at han ikkje har avljost festivalen. Det er søkt.
Overraskande sterkt å sjå ministerane gå ut på Slottsplassen med blomar framføre folkehavet, som for berre månedar sida var fullt av fest.
No er det forskjell i aldre, men når eg mista mor mi i forfjor kom eg meg ikkje på jobb på månedar. Eg var ikkje tilbake for fullt før det var gått nesten eitt år.
Det er spesielt å vite at Haakon heile livet har visst at det augeblikket far hans døyr så er han i ny jobb, og må rett ut og starte han.
Normalt sett så er desse vindauga reservert nyheiter om filmar som skal gå på kino. Så litt spesielt at det no ser ut til at me skal få sjå kongen dø på Bergen kino.
Fyrste monarkskifte i mi levetid. Harald har alltid for meg vore synonymt med konge.
Spesielt at me no har ei dronning som hadde eitt tett forhald til Epstein.
Datingdagboken
# Datingdagboken Dato: #2026/08/28 Knagg: #melding/bok Forfattar: [[Victoria Larsen Stø]]…