På NRK.no kan eg lese «Finnes lovar fleire aksjedetaljar til veka.»
Kor lenge før me får «Aksjepodden med Finnes»?
Noko av det mest vanskelege med periodar med veldig tunge nedturar er oppturane.
Plutseleg verkar det så teit at eg hadde den nedturen. Kvifor var eg så trist og jævleg? Det gjer jo ikkje meining _i dag_.
Eg sår tvil om mine eigne kjenslar. Som om eg ikkje var tilstede sjølv når eg kjente på dei.
Dei siste tri dagane har eg vore i eit av dei djupaste hóla eg har vore i.
Eg veit ikkje kva som gravde hólet, og eg veit ikkje kvifor eg falt ned i det.
Eg veit heller ikkje kvifor eg plutseleg følar meg som om eg er ute av det. Og enda verre så veit eg ikkje om eg står litt uforsiktig på kanten, like nære å falle ned på nytt.
På slutten av dagen dro eg på nabolaget sin Joker. Der hadde dei fem posar chilinøttar på 70% rabatt pga dato.
Dette skal i etterkant bli kjent som universets forsøk på å muntre opp Markus.
@DORpapst@snabelen.no 👌 så nære å kjøpe bryggen.today berre for å kunne ha bybanen@bryggen.today
Siste tida har eg sakte gått gjennom #TheSimpsons. Litt for å sjå om det gamle enda er bra, og litt for å sjå kor dårleg det nye er.
Eg har ikkje kome lengre enn syvande sesong, men eg må ærleg innrømme... Det er betre enn eg hadde forventa!
Eg kosar meg kanskje like mykje som eg gjorde når eg var ung og besatt. Replikkane ligg enda laust på tunga, klare til å kome ut samtidig som figurane seiar dei.
Gøy overrasking.
Vurderar å sette opp ein hub for alt relatert til meg sjølv. Som ein del av den hubben ser eg for meg ein Mastodon-server. Kva brukarnamn tykkjar du ser best ut?
Ingen poll i morges. Berre informasjon om at min dag startar med iskaffi frå Alpro, salte kjeks frå Ritz, og Super Mario 64 for Nintendo Switch.
Kvifor sitt alle kontrollerfunksjonane i henda mine etter så lang tid?
Fastelavnsbolle er nordens carbonara.
På dagar som i dag sett eg pris på at eg prøvar å skrive ned vettuge ting i dagboka mi kvar dag.
Det tri år sida eg møtte mi trulova for fyrste gong, og sida eg har ført #dagbok i litt over to år sammenhengane så kan eg lese om alle jublieumma våre.
Nokre dagar skriv eg så klart veldig lite, kanskje berre «trøtt i dag,» men andre skriv eg mengdar med tekst.
Kvar dag får eg påminning om kva eg skreiv året før på same dato som ei fin innsikt i kva som opptok meg før.
Det er av og til vondt å lese om fæle kjenslar eg hadde før som enda er såre. Av og til les eg dog óg om kjenslar som verkar framande og teite i dagens ljos. Det hjelp meg å sette dagens kjenslar i perspektiv. Er dagens store kjenslar morgondagens såre kjenslar? Eller er dei teite?
Det er laurdag morgon. Du har nett rydda kjøkkenet. Du skrur på fjernsynet og sett deg i sofaen.
Det er morgon. Du er på veg til dagens ærend. Du møtar på ein #katt, den er fast inventar i nabolaget.
«Jeg har bedt Bakervik om å gå av i dag for at Bryggenalternativet skulle stå. Det var han ikke villig til. Bakervik hadde en sjanse til å redde Bybanen. Jeg forventet at han ville gå av, da hadde han reddet Bybanen.»
Forstår Meyer sjølv kva ho seiar? At ho snakkar negativt om politikken ho sjølv har tenkt å innføre?
Ah, ja. Den flotte politiske forhandslingsteknikken «truslar.»
Det regnar. Du har paraplyen oppe. Du går ned i ein undergong.
Mi favorittmåte å plage svigerinna på er ved å gje gjestenettet høgt aktuelle passord når ho er på besøk.
Etter å ha klaga på mykje #Excel på jobben måtte ho i går skrive «EgElskarExcel» for å kome seg på nett.
Dette må vera fyrste gong eg har klikka meg inn på ei sak om sinne rundt vindkraft, og så er folka sinte fordi dei IKKJE får vindkraft i regionen sin.
20 september. No måtte refleksen tilbake for at eg skulle føle meg trygg.
Eg veit at dei fleste veganarar bur på austlandet, for det er umogleg å stille eit spørsmål om veganske produkt utan å få beskjed om at det fins i store, billege mengdar i Sverige.