No haldt eg nesten på å bli meir spontant enn eg nokon gong har vore i mitt liv. Høyrde fire låtar av eit band ukjent for meg og var klar til å kjøpe konsertbillettar.
Konsertane i #Bergen er i ei helg eg skal utanbys, og konsertane i Oslo er helga før eg skal til #Oslo.
Notert. Noko vil ikkje eg skal vera så spontan.
#Musikk #Konsert #Pikekyss #NorskTut #NynorskTut #Allheimen
#bergen#oslo#musikk#konsert#pikekyss#norsktut
Er det ein ting eg tør å skryte på meg så er det at eg er relativt flink på presentasjonar.
Eg får ofte skryt båe for innhald og utføring.
Her er mine tips:
1. Bruk #MicrosoftPowerpoint-overgongen "Morph" (den brukar ingen, men imponerar alle™️).
2. Ikkje skriv ord på presentasjonen din, då kan endre på alt du seiar mens du seiar det utan at nokon kan sjekke "fasit" bak deg
#Jobb #Presentasjon #Foredrag #NorskTut #NynorskTut #Allheimen
#microsoftpowerpoint#jobb#presentasjon#foredrag#norsktut#nynorsktut
Oppgåva er "Ein av desse høyrar ikkje heime."
Kven og kvifor?
Gøyaste svar blir premiert med at eg pustar ut av nesa høgare enn normalt.
#LastFm #Musikk #NorskTut #NynorskTut #Allheimen #
#lastfm#musikk#norsktut#nynorsktut#allheimen
Ein ting som har blitt klart er at det er veldig lett å bruke masse peng på bryllaup.
#Bryllup #Finans #NorskTut #NynorskTut #Allheimen
#bryllup#finans#norsktut#nynorsktut#allheimen
Under ferien i juli så sendte me kort heim til oss sjølve ved jamne mellomrom. Små kort om kor me var og kva me gjorde. Tanken var å lage ei minnebok ut av dei.
Nesten alle korta kom til #Bergen bortsett frå to som me postla me hjå eit hotell i #Wales. «Hotellet har sikkert gløymd ut postkassa si» har me tulla med. Men???
I dag lå plutseleg dei siste to korta i postkassa! 🥳 No kan me endeleg fullføre postkortboka vår.
#Postkort #FerieTut #NorskTut #NynorskTut #Allheimen
#bergen#wales#postkort#ferietut#norsktut#nynorsktut
Har sett gjennom #BlimE i dag. Overraskande catchy låt i år! Det er alltid gøy å sjå alle dei forskjellege versjonane dei lagar for å favne vidt.
Det eg dog stussar på... Dei har musikkvideo for ein nynorsk versjon?
Altså, hovudlåta blir syngt med trøndersk dialekt. Ingen snakkar #bokmål eller #nynorsk, så kvifor trengs det ei eiga låt med tekst på nynorsk?
Eiga låttekst for å dele ut på skula er dog bra.
#NRK #NorskTut #NynorskTut #Allheimen #Språk
#blime#bokmal#nynorsk#nrk#norsktut#nynorsktut
@tanketom Eg jobba med to islendarar for nærmare ti år sida. Ein av dei føretrakk sjølv å snakke engelsk, men oppfordra meg til å snakke norsk til han.
Eg var den einaste norske på kontoret som faktisk tok han på ordet og snakka norsk, alle andre bytta til engelsk. Etter kvart kunne han til og med snakke islandsk til meg på ein slik måte at eg kunne forstå det (han valte orda med omhu). Eg følte ingen andre prøvde på same måte.
Røpevarsel for Ragnarok sesong 3
For noko ræl. Det er lenge sida eg har sett ein så dårleg avslutning på ein serie.
Fyrste sesong likte eg veldig godt, andre sesong var hakket ned, men enda god. Tredje sesong er søppel frå ende til ende.
Litt ljospunkt i nokre visuelt kule scenar i aller siste episode.
Søppel.
#Netflix #Serie #Fjernsyn #NorskTut #NynorskTut #Allheimen #Serieheimen #Ragnarok
#netflix#serie#fjernsyn#norsktut#nynorsktut#allheimen
* Jobbar tunge dagar heile veka *
* Mykje regn *
* Ser fram til lat helg inne med nye seriar å sjå *
* Står opp laurdag morgon og ser solljos utanføre vindauget *
* ... *
* Skammen for å ikkje ville gå ut veks *
#NorskTut #NynorskTut #Allheimen
#norsktut#nynorsktut#allheimen
@DORpapst@snabelen.no @tanketom Når eg skal provosere seiar eg «Bryggå» på skikkeleg stavangersk.
Visste ikkje at Frp og INP var for bilfritt sentrum!
Rart dei ikkje har marknadsført dette høgare. 🤔
#Politikk #Bergen #Frp #Sp #INP #Bergenslisten #Bybane #NorskTut #NynorskTut #Allheimen
#politikk#bergen#frp#sp#inp#bergenslisten
@tk Based on your other replies I would recommend the utilisation of tags and linking as a useful feature. This allows you to get a file structure without actively structuring it.
I've found this helps me with finding documents later.
I don't know how long you've used it, but it took me maybe a year to get to a workflow that works for me in #Obsidian.
Templates for types of documents I often write, daily notes for TODOs, tags for topics and dates, links to relevant documents.
#ObsidianMD
#obsidian#obsidianmd
Eg ante ikkje kor mange #Mastodon-servere som fantes (ala mastodon.social, samenet.social, skvip.lol) så eg bestemte meg for å leite litt.
Eg fant over tusen berre ved å gå gjennom mine følgjarar, og deira følgjarar!
Eg forventa å finne ein del, men over tusen som er berre ein konto unna min forventa eg ikkje.
#NynorskTut #NorskTut #Allheimen
#mastodon#nynorsktut#norsktut#allheimen
For fyrste gong på sikkert over 10 år har eg bytta vekk frå ein #Chromium-basert vevlesar.
Eg har bytta pga alt det teite Google prøvar å få til gjennom det globale nær-monopolet dei har på vevlesare.
Eg har gått til #Firefox og har oppdaga at det er fleire ting eg trudde var "internett-ting" som har vist seg å vera "chromium-ting".
Eg trudde IALLFALL at å ha to vindauge som justerar seg i lag var ein #Windows-ting, ikkje Chromium!
#Google #NorskTut #NynorskTut #Allheimen
#chromium#firefox#windows#google#norsktut#nynorsktut
På Danmarksplass i #Bergen fins eit tannlegekontor.
Tannmarksplass.
#Ordspel #Ordspill #NorskTut #NynorskTut #Tannlege
#bergen#ordspel#ordspill#norsktut#nynorsktut#tannlege
Sida mi byrja å få ein del spørsmål eg ikkje kjente att. Det visar seg at i #ActivityPub-verda så spør sidar kvarandre om kva slags side dei er.
Det svarar eg på no. I tillegg kan eg bruke dette til å skrive ned kva slags sidar du lenkjar til i #PassetMitt.
#Koding #Programmering #Prosjekt #Hobby #NorskTut #NynorskTut #Allheimen
#activitypub#passetmitt#koding#programmering#prosjekt#hobby
Med nytt ansvar på jobb har det kome meir kontekstbytting. Mesteparten av jobben er hopping frå møte til møte, frå person til person.
Eg var faktisk ikkje førebudd på at dagane mine kom til å bli så pass mykje tyngre mentalt. Eg blir sliten i hovudet mykje tidlegare enn når alt eg gjorde var å skrive kode.
#Koding #Programmering #Jobb #NorskTut #NynorskTut #Allheimen
Tenkjer på at for berre tri vekar sida var eg ved slutten av ein firevekers ferie, og no lengtar eg allereie tilbake til fri.
Ferie er ikkje oppsparing av mental kapasitet, det er ein pause frå bruken dens.
#Ferie #Jobb #NorskTut #NynorskTut #Allheimen
#koding#programmering#jobb#norsktut#nynorsktut#allheimen
@0xSH00T@hackers.town «We like the Moon» 💚 https://youtu.be/I9MZNEXrElw
Eg har ikkje fått implementert alt av #ActivityPub enda, men eg har fått ut ideen min.
Her er #PassetMitt:
https://shining-berm-396016.ew.r.appspot.com/@markus
Ei side som visar fram mine forskjellege kontoar. Dersom det står ✅ bak ei lenkje så lenkjar den sida til passet mitt. Heile sida får ✅ dersom alt lenkjar til passet.
På sikt håpar eg at det er mogleg å følgje eit pass for framtidige oppdateringar.
#Programmering #Koding #NorskTut #NynorskTut
#activitypub#passetmitt#programmering#koding#norsktut#nynorsktut
I dag er eg på #kurs som tillitsvald i #NITO. Det er kanskje det gøyaste digitale kurset eg har vore med på.
Me rollespelar ei fiktiv bedriftsgruppe, og ble tildelt ein epost-konto. På den kommuniserar me med leiinga til arbeidsgjevaren vår om nye avtalar i firmaet.
Hjelp nok veldig på at eg er på gruppe med opne, snille, og flinke folk, men eg hadde forventa at eit slikt digitalt kurs var drygt og keisamt.
#Fagforening #NorskTut #NynorskTut #Tillitsvalgt
#kurs#nito#fagforening#norsktut#nynorsktut#tillitsvalgt